Endringar i Samarbeidsrådet for kultur og reiseliv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 19/18 | Dato: 18.04.2018
Samarbeidsrådet for kultur og reiseliv får tre nye medlemmar. Dei tre er Nina Lauvsnes, frå Festspillene i Bergen, Ingrid Røynesdal frå Oslo Filharmonien og Christina Hætta, som mellom anna er leiar for Samerådets kulturavdeling.
Regjeringa oppretta samarbeidsrådet for kultur og reiseliv i juni 2017.
Samarbeidsrådet har som si hovudoppgåve å sjå på korleis reiselivs- og kulturnæringa kan samarbeide, og å kome med konkrete råd til regjeringa og kultur- og reiselivsaktørane.
Målet for arbeidet er å få til auka verdiskaping på feltet.
Godt samarbeid mellom kultur og reiseliv, og auka satsing på kulturturisme, vil vere med å utvikle Norge som eit spennande reisemål året rundt.
Nærings- og fiskeridepartementet og Kulturdepartementet samarbeider om å fremme samspelet mellom kultur og reiseliv. Vinteren 2019 skal det leggast fram ein strategi for kultur og reiseliv som skal bidra til å auke den samla verdiskapinga i norsk nærings- og kulturliv, gjennom å styrke Norge som kulturdestinasjon.
Samarbeidsrådet har no denne samansetninga:
Rådsleder: Rådsmedlemmer: |
|
Knut- Eirik Dybdal Tove Moe Dyrhaug Hege Anita Eilertsen Bård Flikke Stein Olav Henrichsen Kristian Jørgensen Lisbeth Klastrup Marit Lien Monja Mjelva Line Endresen Kjetil Smørås Svein Arild Steen-Mevold Morten Thorvaldsen Nina Lauvsnes Christina Hætta Ingrid Røynesdal
|
Arctic Race of Norway Rosenborg Ballklubb MuseumNord Pstereofestivalen Munchmuseet Fjord Norge IT Universitetet i København Peer Gynt Hotel Union Geiranger Hovedorganisasjonen Virke De Bergenske Scandic Hotels NHO/Olav Thon Gruppen Festspillene i Bergen Riddu Riddu/Samerådet Oslo Filharmonien |
Sekretær: Kirsti M. Hjemdahl |
Agderforskning |
Dei tre som går ut av rådet er Sølvi Rolland, Karin Hindsbo og Maria Utsi