Frivillige organisasjonar mottar 1,4 milliardar kroner frå momskompensasjonsordninga i desember
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 100/18 | Dato: 10.12.2018
I desse dagar mottar fleir enn 24.000 organisasjonar meir enn 1,4 milliardar kroner frå momskompensasjonsordninga. Nærmere 600 fleire organisasjonar får del i ordninga i år enn i fjor. Det store talet på mottakarar viser at ordninga når heile breidda av frivillige organisasjonar.
- Momskompensasjonsordninga er viktig for dei frivillige organisasjonane slik at dei kan ha fokus på den frivillige aktiviteten. I praksis funger ordninga som ei grunnstøtte for organisasjonanene, ettersom dei kan bruke midla fritt og ikkje må rapportere på bruken. Vi har difor foreslått ein vesentleg auke i ordninga i budsjettet for 2019, seier kulturminister Trine Skei Grande.
Over 80 prosent av midla går til lokale og regionale lag og foreiningar. Frå og med 2019 er berekningsmodellen for ordninga justert for at ho i enda større grad skal støtte opp om små lag og foreiningar.
Det godkjente søknadsbeløpet i år er på om lag 1,9 milliardar kroner mot 1,8 milliardar i fjor. Avkortinga i 2018 er redusert til 25,5 prosent mot 27,2 prosent i 2017.