Statsbudsjett 2019:
Kunstnarøkonomi
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 68/18 | Dato: 08.10.2018
Det er viktig for samfunnet at det blir skapt eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk, og at desse blir gjort tilgjengeleg for flest mogeleg. Regjeringa vil auke løyvingane til scenekunst i Norsk kulturfond, til langsiktige stipendordningar for kunstnarar og til Fond for lyd og bilde.
– Både frilanskunstnarar og grupper i det frie feltet treng å kunne ha ein trygg og planlagt økonomi for å kunne konsentrere seg om arbeidet sitt som kunstnar. Vi foreslår difor å auke løyvingane til kunstnarøkonomien, seier kulturminister Trine Skei Grande.
– Det er viktig å styrkje arbeidet i Norsk kulturfond med å vareta dei etablerte scenekunstkompania, samstundes som det skal vere rom for at nye grupper kan kome til. Difor foreslår vi no å auke løyvinga til scenekunst i Norsk kulturfond med 7 millionar kroner, slik at tilskotsystemet retta mot det frie scenekunstfeltet kan utviklast meir, seier Skei Grande.
Regjeringa vil òg vidareføre gode og langsiktige stipendordningar for kunstnarar. I statsbudsjettet for 2019 foreslår ein å auke løyvingane til langvarige kunstnarstipend med 5,3 millionar kroner. Med denne auken vil det årlege beløpet for dei langvarige stipenda kome opp på same nivå som arbeidsstipenda, med 268 222 kroner i 2019.
Det blir òg foreslått at løyvinga til Fond for lyd og bilde, som skal fremje produksjon og formidling innanfor ulike kunst- og kulturfelt, blir auka med 4 milionar kroner.