Ny direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 43/18 | Dato: 15.06.2018
Gunn Merete Paulsen er tilsett som direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Ho skal fungere i perioden Atle Hamar er statssekretær i Klima- og miljødepartementet.
Paulsen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 2000. I tillegg har ho utdanning i leiing og økonomi frå Handelshøyskolen BI og Høyskolen i Oslo og Akershus i perioden frå 2011 til 2015. Ho har erfaring som advokat og dommarfullmektig. Ho var tilsett i Lotteri- og stiftelsestilsynet 2007-2015, først som rådgjevar og frå 2011 som avdelingsdirektør. Frå 2015 har ho vore tilsett som advokat i advokatfirmaet PricewaterhouseCoopers. Ho er 44 år og busett i Førde.