Ordning for lokale aktivitetsmiddel til idretten utjamner forskjellar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 54/18 | Dato: 05.09.2018
Kulturdepartementet har mottatt ein evalueringsrapport om ordninga med Lokale aktivitetsmiddel (LAM). Rapporten viser at ordninga bidrar til auka aktivitetstilbod, til å halde kostnadene ved idrettsaktivitetar nede og til å byggje under den frivillige innsatsen.
- Idretten, ikkje minst barne- og ungdomsidretten, er med på å skape viktige fellesskap og er ein svært viktig arena der fleire barn og unge kan oppleve meistring og suksess. I tillegg er idretten ein viktig arena for både leik, læring og ikkje minst lagbygging. Det er eit mål at økonomisk situasjon og sosial bakgrunn ikkje skal vere til hinder for deltaking og frivillig innsats, seier kulturminister Trine Skei Grande.
- Eg er difor glad for at rapporten viser at ordninga fungerer godt. Lokale aktivitetsmiddel er ei ubyråkratisk ordning som krev få administrative ressursar. Nettopp difor har regjeringa valt og auke potten til det dobbelte dei siste åra. I år er det 367 millionar kroner til fordeling, og eg veit at for eksempel Oslo Idrettskrets vil bruke sin auke i år på fordeling til idrettslag som jobbar målretta for å senke kostnadene, seier kulturminister Trine Skei Grande.
I rapporten anbefaler Oslo Economics at LAM-ordninga blir vidareført med dagens modell. LAM fungerer som ei rein driftsstøtte til idrettslaga med visse føringar om fordeling og bruk. Rapporten understreker at lokal tilpasning gjer det mogeleg å vareta ulike behov og ønskjer på tvers av kommunar og idrettslag. Evalueringa viser også at det er særs lite støy rundt fordelinga av midlane frå idrettsråda.
Utvikling i tilskot til ordninga frå 2013 til 2018
År | Tildeling |
2013 | 164 mill. kr |
2014 | 209 mill. kr |
2015 | 294 mill. kr |
2016 | 315 mill. kr |
2017 | 337 mill. kr |
2018 | 367 mill. kr |
Mål for ordninga
- Bidra til aktivitet og deltaking i medlemsbaserte lag og foreiningar som driver idrett og fysisk aktivitet for barn og ungdom
- Støtte den frivillige innsatsen i laga
- Bidra til å halde kostnadene ved deltaking i idrett og fysisk aktivetet nede
- I retningslinene er det presisert at idrettsråda skal vareta likestilling og inkludering av barn og ungdom som i liten grad deltar i organisert idrett.
Kulturdepartementet er ansvarleg for ordninga, Norges idrettsforbund forvaltar ordninga.