Statsbudsjett 2019:
Regjeringa styrkjer innovasjonstilskotet til media
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 73/18 | Dato: 08.10.2018
I statsbudsjettet for 2019 aukar regjeringa tilskotet til innovasjon og utvikling i nyhende- og aktualitetsmedium. Tilskotet er særleg retta mot lokale medium med små ressursar til å setje i gang slike prosjekt. Regjeringa foreslår å setje av 10 millionar kroner til ordninga i 2019 – ein auke på 3 millionar kroner frå året før.
– Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyhende- og aktualitetsmedium. Erfaringane frå den første søknadsrunden viser at det er eit stort behov i marknaden for tilskot til innovasjons- og utviklingsprosjekt. Små, lokale medium er ei berebjelke for mediemangfaldet, og er særs viktige for lokalsamfunna rundt om i heile landet. Samstundes har dei få ressursar til å gjennomføre slike prosjekt på eiga hand, seier kulturminister Trine Skei Grande.
Ordninga for tilskot til innovasjon i mediesektoren blei etablert i statsbudsjettet for 2018 og er ei oppfølging av utgreiinga frå Mediemangfaldsutvalet. Ordninga blir forvalta av Medietilsynet. Dei øvrige framlegget til utvalet blir vurdert i ei stortingsmelding som regjeringa tar sikte på å leggje fram innan utgangen av året.
Løyvinga til produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium er foreslått med same beløp som i 2018, 313 millionar kroner.