Statsbudsjett 2019:
Ressurssenteret for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet blir styrka
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 62/18 | Dato: 08.10.2018
Tverga – ressurssenteret for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet vil bli tildelt 2 millionar over statsbudsjettet i tillegg til 3 millionar frå spelemidla. Tverga skal leggje til rette for aktivitet over heile landet.
– Målet for regjeringa sin idrettspolitikk er idrett og fysisk aktivitet for alle. Vi må skape gode rammetilhøve også for den eigenorganiserte aktiviteten, seier kulturminister Trine Skei Grande.
– Tverga skal skape aktivitet i heile landet og ta vare på barn og unge som av ulike grunnar ønskjer seg aktivitatar utanfor den organiserte idretten. Dei skal bidra med råd og praktisk rettleiing for eigenorganiserte miljø, og dei skal fremje kunnskap og kompetanse hos kommunale styresmakter, seier kulturministeren.
Kulturdepartementet gav i desember 2017 Landsforeningen Ungdom og Fritid og Oslo Skateboardforening i fellesskap i oppdrag å etablere og drifte eit resssurssenter for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. Dei mottok 2 millionar kroner i 2017 og
2 millionar kroner i 2018 til etablering og drift av senteret.
Regjeringa foreslår ei løyving på 2 millionar kroner i statsbudsjettet for 2019. I tillegg vil ressurssenteret motta 3 millionar kroner frå spelemidlane til idrettsføremål.