Statsbudsjett 2019:
Vidareføring av forsking på kultur, media og frivillig sektor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 80/18 | Dato: 08.10.2018
Regjeringa satsar på forsking om kultursektoren, media og frivillig sektor med vidareføring av forskingsprogramma KULMEDIA og Sivilsamfunn og frivillig sektor 2018-2020.
– Kunnskap må vere ein grunnstein i den vidare utviklinga av kultursektoren, seier kulturminister Trine Skei Grande. Kulturlivet, media og frivillig sektor står ovanfor store og samansette utfordringar. Eit godt tilfang av kunnskap er viktig for oss som styresmakter, men også for aktørane på dei respektive felta.
Regjeringa har bede Noregs forskingsråd om å vidareføre satsinga i forskingsprogrammet KULMEDIA (2014-2018) i ein ny femårsperiode frå 2019. Det er lagt opp til ei årleg løyving på om lag 16 millionar kroner til programmet. Målet med programmet er å framskaffe ny forskingsbasert kunnskap om kulturlivet og media.
Regjeringa ønskjer å vidareføre satsinga på forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2018-2020 og foreslår ei løyving på vel 6 millionar kroner i 2019. Forskingsprogrammet er eit samarbeid mellom fleire departement. Programmet blir drive av Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor og er eit samarbeid mellom Institutt for samfunnsforsking og Uni Research Rokkansenteret. Målet er å framskaffe ny forsking og følgje utviklinga i frivillig sektor over tid.
I forslaget er også sett av pengar til utgreiingar, statistikk og andre kunnskapsprosjekt.