Revidert nasjonalbudsjett:
105 millionar i auke til idrettsanlegg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 39/19 | Dato: 14.05.2019
I revidert nasjonalbudsjett for 2019 gjer regjeringa framlegg om ei tilleggsløyving på 105 millionar kroner til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Denne løyvinga vil gje full kompensasjon i 2019.
I statsbudsjettet for 2019 blei det løyvd 189 millionar kroner til ordninga. Med tilleggsløyvinga vil samla beløp til meirverdiavgiftskompensasjon vere 294 millionar kroner.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har i 2019 mottatt 537 søknader om kompensasjon. Samla søknadsbeløp er 294 millionar kroner. Godkjent søknadsbeløp vil ikkje vere klart før tilsynet har sluttført søknadshandsaminga.
Bygging av idrettsanlegg gir auka idrettsaktivitet over heile landet. Ordninga har mykje å seie for lokale idrettslag og foreiningar. Søknadsbeløpet viser stor evne og vilje til å bygge anlegg. Regjeringa ønsker å sikre gode og føreseielege rammevilkår for desse laga og foreiningane og gjer difor framlegg om denne tilleggsløyvinga på 105 millionar kroner.
Sidan 2014 har denne regjeringa sørga for at det kvart år har blitt tilnærma full kompensasjon for lokale idrettslag som har bygd anlegg. Ordninga var på 63 millionar kroner i 2013 og har dermed blitt auka med over 230 millionar kroner frå 2013 til revidert nasjonalbudsjett 2019.