Statsbudsjettet 2020:
1,4 millionar kroner meir til Carte Blanche
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 85/19 | Dato: 07.10.2019
Regjeringa foreslår ein auke på 1,4 millionar kroner til Carte Blanche i statsbudsjettet for neste år.
– Regjeringa foreslår auken for å styrke kunstnarleg aktivitet og utvikling. Carte Blanche er Noregs nasjonale kompani for samtidsdans og spelar ei viktig rolle i nyskaping og utvikling av samtidsdans i Noreg og i utlandet, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.
Carte Blanche vart etablert i 1989. Dei held til i Studio Bergen og turnerer både i Noreg og i utlandet.
Carte Blanche meiner dei har eit nasjonalt og regionalt ansvar for å formidle samtidsdans til eit mangfaldig publikum og bidra til å utvikle kunnskap om norsk samtidsdans internasjonalt gjennom å arbeide for å bli anerkjent og vere synleg på internasjonale arenaer.
Carte Blanche har som mål å vere ein pioner innanfor nyskapning, presentasjon og utvikling av samtidsdans i Noreg og i utlandet. Forslaget inneber at kompaniet vil få 29,2 millionar kroner i statleg tilskot i 2020. Det er 1,4 millionar meir enn i 2019, eller 700 000 kroner ut over ordinær prisomrekning.