Statsbudsjettet 2020:
9,3 millionar kroner meir til språk i 2020
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 80/19 | Dato: 07.10.2019
Regjeringa foreslår 9,3 millionar kroner meir til språk i budsjettet for 2020. Samtidig arbeider regjeringa med framlegg til ei ny heilskapleg språklov og ei ny stortingsmelding om språk.
– Regjeringa arbeider for å verne og fremje språk som uttrykk for vår felles kultur og identitet, og som infrastruktur i samfunnet vårt. Med denne satsinga får vi realisert fleire viktige språktiltak, frå styrking av nynorsk og minoritetsspråk, til ordboksarbeid og forvaltning av stadnamn som språklege kulturminne, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.
Målet med regjeringas språkarbeid er å sikre norsk språk som fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, og å verne og fremje minoritetsspråk som Noreg har eit ansvar for å ta vare på.
Regjeringa foreslår å fordele dei auka midla slik:
- Ordboksarbeid – 2,25 millionar kroner
- Det Norske Samlaget – 1 million kroner
- Nynorsk pressekontor – 1 million kroner
- Landssamanslutninga av nynorskkommunar – 1,2 millionar kroner
- Sogn og Fjordane Teater/Nynorskhuset i Førde – 1 million kroner
- Språk- og litteraturprosjekt for nasjonale minoritetar (Norsk kulturråd) – 500 000 kroner
- Teater Manu – 1 million kroner
- Innsamling og forvaltning av stadnamn – 1,25 millionar kroner
- Offentleg utvalg for punktskrift – 100 000 kroner