Statsbudsjettet 2020:
Bygging og modernisering av kulturbygg i heile landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 75/19 | Dato: 07.10.2019
Regjeringa gjer framlegg om 290 millionar kroner i tilskot til investeringar i kulturbygg, med tilsegn om 768,3 millionar kroner i seinare budsjettår.
Dette gjev rom for 10 nye kulturbyggprosjekt. I tillegg vert det gjeve løyvingar til 18 andre prosjekt som har fått tilsegn i tidlegare budsjettår.
– Dei 28 kulturbyggprosjekta er spreidde over heile landet og blir til nytte og glede for eit stort publikum. Investeringane frå regjeringa gjev oss fleire gode arenaer som kan stimulere til å lage og formidle kulturuttrykk av mange slag, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.
Dei nye prosjekta som får tilskot er:
Østfoldmuseene – ombygging av St. Olavs Vold arbeidarbustad, Sarpsborg
Tilrådd tilsegn: 11,8 millionar kroner av ein samla kostnad på 35,4 millionar kroner.
Østfoldmuseene vil setja i stand den freda teglbygninga St. Olavs Vold ved Borgarsyssel museum i Sarpsborg. Bygninga vart oppført i 1840-åra for tilsette ved Borregaard fabrikkar, og femner om 20 bustader med eitt rom og kjøken. Bygget skal brukast til å formidla den omfattande arbeidar- og gründerhistoria i regionen.
Museene i Akershus – Viken bygningsvernsenter ved Follo museum, Drøbak
Tilrådd tilsegn: 16 millionar kroner av ein samla kostnad på 28 millionar kroner.
Museene i Akershus vil i samarbeid med Østfoldmuseene skipa til ein kompetanseverkstad som skal formidla tradisjonshandverk og bygningsvern for heile regionen. Utgangspunktet er det eksisterande bygningsvernsenteret i Drøbak. Vilkåret for det statlege tilskotet er at fylkeskommunen vert med på spleiselaget.
Norsk Industriarbeidermuseum – sikrings- og formidlingsbygg over tungtvasskjellaren på Vemork
Tilrådd tilsegn: 11 millionar kroner frå Kulturdepartementet (og 11 millionar kroner frå Klima- og miljødepartementet) av ein samla kostnad på 60 millionar kroner.
Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan i Telemark vil etablera eit sikrings- og formidlingsbygg over restane av Norsk Hydros hydrogenfabrikk på Vemork. Anlegget vart brukt av tyskarane under krigen til å produsera tungtvatn til bruk i utviklinga av atombomber, men anlegget vart sprengt av norske sabotørar i 1943. Desse hendingane skal formidlast gjennom ei industriarkeologisk utgraving av tungtvasskjellaren.
Dalane Folkemuseum – formidling i Jøssingfjord Vitenmuseum og Helleren-husene
Tilrådd tilsegn: 10 millionar kroner av ein samla kostnad på 31 millionar kroner.
Vitenmuseet i Jøssingfjord skal ha blikket på samspelet mellom natur, menneske og teknologi i denne regionen. Målet er å vekkja interessa for realfag hos born og unge. Museet skal formidla både naturvitskap og kultursoge, med særskild vekt på geologi og bergverk. Like ved museumsbygget ligg den gamle husmannsplassen Helleren; nærleiken til det nye vitenmuseet vil leggja tilhøva betre til rette for å formidla denne.
Museum Stavanger, fornying av basisutstillingar ved gamle Stavanger Museum
Tilrådd tilsegn: 11,2 millionar kroner av ein samla kostnad på 30 millionar kroner.
Museum Stavanger ynskjer å fornya basisutstillingane i den naturhistoriske avdelinga av gamle Stavanger museum og i Stavanger maritime museum. Dei to nye utstillingane vil utfylla kvarandre og formidla historie som medverkar til betre forståing av endringsprosessar i klima, miljø og samfunn.
Bymuseet i Bergen – Bryggens Museum, rehabilitering og oppgradering
Tilrådd tilsegn: 16 millionar kroner av ein samla kostnad på 26,5 millionar kroner.
Bymuseet i Bergen har stort behov for rehabilitering og oppgradering av avdelinga Bryggens Museum. Prosjektet femner m.a. om å rehabilitera betongfasadar, leggja nytt tak, skifta ut og oppgradera teknisk infrastruktur i tillegg til å leggja til rette for universelt tilgjenge. Moderne energiøkonomiske og berekraftige løysingar for oppvarming og ventilasjon vil gje betre vilkår for tilsette og vitjande.
Museum Vest – Bergens Sjøfartsmuseum, modernisering av museumsbygg
Tilrådd tilsegn: 6 millionar kroner av ein samla kostnad på 23 millionar kroner.
Bergens Sjøfartsmuseum er frå 2019 blitt ein del av Museum Vest. Bygget til Sjøfartsmuseet er snart 60 år og må oppgraderast for framleis å vera eit funksjonelt og forsvarleg museumsanlegg.
Sunnhordland museum – Nye Sunnhordlandstunet, fornying av administrasjonssenteret
Tilrådd tilsegn: 15,2 millionar kroner av ein samla kostnad på 46,5 millionar kroner.
Sunnhordland museum har store behov for nye administrasjons-, utstillings- og formidlingslokale ved sin hovudarena i Leirvik på Stord. Planen er å rehabilitera og utvida eksisterande bygg for å gje tilgang for alle, skipa til forsvarlege magasintilhøve for samlingane og dessutan gje betre vilkår for både tilsette og vitjande.
Musea i Sogn og Fjordane – fellesmagasin i Angedalen, Førde
Tilrådd tilsegn: 40 millionar kroner av ein samla kostnad på 65 millionar kroner.
Musea i Sogn og Fjordane har overteke ein nedlagt eskefabrikk i Angedalen utanfor Førde sentrum for å bruka han til fellesmagasin. Prosjektet skal utnytta eksisterande fabrikkbygning i størst mogeleg grad, med vekt på økonomi og berekraft, og skapa gode og moderne lagringstilhøve for samlingane. I éin seksjon i bygningen skal det dessutan leggjast til rette for publikum og formidling.
Kristiansund kommune – nye lokale for Operaen i Kristiansund og Nordmøre museum
Tilrådd tilsegn: 150 millionar kroner av ein samla kostnad på 450 millionar kroner.
Dette prosjektet vil sikra nye, samlokaliserte lokale for både Operaen i Kristiansund AS og Stiftelsen Nordmøre museum. Begge institusjonane får årleg driftstilskot frå Kulturdepartementet, og begge treng nye, moderne lokale. Det nye bygget ligg i Kristiansund sentrum og vil i tillegg innehalda areal for kulturskule og bibliotek. Heile byggjeprosjektet har ei kostnadsramme på 690 millionar kroner, men den delen av prosjektet som inngår i grunnlaget for statstilskotet er på 450 millionar kroner. Prosjektet vil gje auka kapasitet og med det grunnlag for høgare kvalitet, breiare og meir varierte tilbod.
Nasjonale kulturbygg - tabell over fordeling av løyving og nye tilsegn (.pdf)