Statsbudsjettet 2020:
Eit løft for frivillig sektor: 1,7 milliardar til momskompensasjonsordninga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 86/19 | Dato: 07.10.2019
I 2020 løftar regjeringa frivillig sektor gjennom vesentleg styrking av momskompensasjonsordninga, ei ny ordning for inkludering i kulturliv og auka løyving til Lotteri- og stiftelsestilsynet til arbeid med forenkling.
– Vi held fram med å styrke rammevilkåra for frivillig sektor og aukar momskompensasjonsordninga til 1,7 milliardar kroner. I tillegg skal vi etablere ei heilt ny ordning for inkludering i kulturliv som skal føre til brei deltaking på kulturfeltet. Dette er i tråd med måla i frivilligmeldinga som blei lagd fram før jul, seier kulturminister Trine Skei Grande.
Meldinga Frivilligheita - sterk, sjølvstendig, mangfaldig blei lagt fram i desember 2018.
I denne varsla regjeringa at momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar skal vere på 1,8 milliardar kroner i 2021.
Regjeringa foreslår derfor ei opptrapping til 1,7 milliardar kroner til ordninga for 2020, noko som er ein auke på 92,4 millionar kroner frå 2019. Dette er frie middel som vil innebere eit omfattande løft for frivillig sektor.
Brei deltaking er eit av dei overordna måla i frivilligmeldinga. Regjeringa foreslår derfor 5 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for inkludering i kulturlivet. Midla skal gå til aktørar som arbeider for å gi betre tilgang til fritidsaktivitetar for barn og unge. Målet er å styrke arbeidet med å inkludere barn og unge i kultur, med særskild vekt på det frivillige kulturlivet. Kulturtanken vil få i oppdrag å etablere ei søknadsordning.
For å nå dei frivilligpolitiske måla vil regjeringa også styrke dei breie stønadsordningane gjennom å gjere det enkelt å søke, ta imot og rapportere offentleg stønad. Dette skal Lotteri- og stiftelsestilsynet vere med på å sikre, og regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til tilsynet med 1,5 millionar kroner til dette føremålet.