Statsbudsjettet 2020:
Historisk satsing: 87 millionar kroner meir til digitalisering i Mo i Rana
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 77/19 | Dato: 07.10.2019
Regjeringa foreslår 87 millionar kroner til auka satsing på digitalisering ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Som ein del av satsinga vil det opprettast 70 nye arbeidsplassar ved digitaliseringsanlegget.
Auken på 87 millionar kroner er ei historisk satsing på å gjere vår felles kulturarv tilgjengeleg digitalt.
– Tilgang til kulturarven er ein demokratisk rett. Alle skal difor ha enkel tilgang til den felles kulturarven, og mest mogleg kulturarvmateriale må bevarast og gjerast tilgjengeleg for framtida. Regjeringa si omfattande satsing på digitalisering ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana bidreg til dette. Med 70 nye arbeidsplassar vil det bli mogleg å digitalisere enda meir av kulturarvmaterialet vårt i eit raskare tempo, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.
Satsinga vil innebere raskare digitalisering av Nasjonalbiblioteket si eiga samling. I tillegg skal papirmateriale, fotografi, film og lydopptak frå arkivinstitusjonar og museum over heile landet digitaliserast. Den auka digitaliseringa vil medverke til å realisere det kulturpolitiske målet om å ta vare på og formidle kulturarv.
Opprettinga av 70 nye arbeidsplassar ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana kjem som følge av nedlegginga av NRK si lisensavdeling i Mo i Rana.