Statsbudsjettet 2020:
Historisk satsing på Arkivverket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 76/19 | Dato: 07.10.2019
Regjeringa foreslår at Arkivverket får 35 millionar kroner i 2020 for å starte utviklinga av nasjonale fellesløysingar for å bevare digitale arkiv og å gjere digitalt arkivmateriale tilgjengeleg for befolkninga.
– Digitaliseringa har forandra måten vi produserer og bruker informasjon på. Gode løysingar for å ta vare på digital informasjon er avgjerande og det er viktig for demokratiet at folk har tilgang til digitalt arkivmateriale, sjølv om dei bur langt frå ein arkivinstitusjon. Dette er ei historisk satsing på Arkivverket, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.
Regjeringa gjer ei historisk satsing ved å gi Arkivverket 35 millionar kroner i 2020 for å utvikle nasjonale fellesløysingar både for langtidsbevaring av digitalt arkivmateriale og for tilgang til digital dokumentasjon i Digitalarkivet.
Løysingane er antatt å koste i alt 140 millionar kroner, og vil etter planen bli utvikla i ein periode på fire år.
Ut over dette foreslår regjeringa å auke løyvinga til Arkivverket med 5 millionar kroner til investeringar i ny IT-infrastruktur.
Løysinga for langtidsbevaring vil:
- Redusere tapet av digital dokumentasjon, spesielt i kommunal sektor
- Auke fleksibiliteten i handtering av nye typar digitale arkiv
- Leggje til rette for auka bruk av nasjonale felleskomponentar som Altinn og folkeregisteret og for utvikling av nye felleskomponentar
Utvikling av Digitalarkivet vil:
- Auke tilgangen til arkiva for alle, uavhengig av bustad
- Auke høve til samankopling av informasjon, og dermed produksjon av ny kunnskap
- Gje høve til bruk av ny teknologi i analyser av store datamengder
- Gje betre informasjonstryggleik og personvern