Revidert nasjonalbudsjett:
Nasjonalmuseet får 10 millionar kroner til ekstraordinære kostnader
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 40/19 | Dato: 14.05.2019
Regjeringa legg fram forslag om ei løyving på 10 millionar kroner til Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i 2019, i samband med at museet skal flytte samlingane og byggje opp nye utstillingar i nybygget på Vestbanen.
Det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen vil bli Nordens største kunstmuseum, med eit samla areal på 54.600 kvm og om lag 90 utstillingsrom. Det nye museet vil vere eit nasjonalt kunstløft, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.
Nasjonalmuseet har ei særs viktig oppgåve framfor seg, med flytting av heile Noregs kunstskattar og med å byggje opp dei nye utstillingane for publikum. Dette krev ein ekstraordinær innsats, og regjeringa legg difor fram forslag om ei løyving på 10 millionar kroner til ekstraordinære kostnader i 2019 i samband med dette arbeidet, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.