Historisk arkiv

9 millionar kroner til inkludering i kulturliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I dag mottek 55 ulike prosjekt til saman 9 millionar kroner frå den nystarta tilskotsordninga Inkludering i kulturliv.

Gruppebilde med Strand, Raja, Hansen og Brekke.
Fra venstre: Direktør i Kulturtanken Øystein Strand, kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja, generalsekretær i Unge funksjonshemmede Leif-Ove Hansen og Birgitte Brekke fra Frivillighet Norge under besøket til Unge funksjonshemmede onsdag 2. desember. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

– Inkluderande og brei deltaking skapar samhald og fellesskap. Det frivillige kunst- og kulturlivet i Norge er ein unik arena for inkludering i heile landet, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne eller sosial og økonomisk bakgrunn, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Frivillige organisasjonar har anten åleine eller i samarbeid med andre organisasjonar eller kommunar kunne søke om mellom 50.000 og 500.000 kroner til prosjekt som bidreg til å auke aktiviteten og deltakinga i kulturlivet.

Då søknadsfristen gjekk ut var det kome inn 135 søknader på til saman 34 millionar kroner.

– Dette viser at vi har eit frivillig kulturliv som er klare for å inkludere endå fleire barn og unge. Eg er difor veldig glad for at vi fekk plussa på bevillinga på 5 millionar kroner med ytterlegare 4 millionar kroner frå spelemiddel til kulturformål, seier Abid Q. Raja.

Midla er fordelte med tanke på å støtte opp om ei så stor breidde av prosjekt som mogleg, både av omsyn til målgrupper, kunstfagleg variasjon og geografisk spreiing. Prosjekta som no får støtte når personar med funksjonsnedsetting, samisk befolkning, nasjonale minoritetar, økonomisk vanskelegstilte og etniske minoritetar.

– Eg er særleg glad for at Kulturtanken har engasjert sitt eige ungdomsråd i arbeidet med å finne fram til lokale prosjekt over heile landet som no får støtte. Barn og unges medverknad er ein nøkkel til å skape eit kunst- og kulturliv der alle føler seg heime, seier kultur- og likestillingsministeren.

Inkludering i kulturliv - Søknadar/prosjekt som får støtte:

Søker

Fylke

Tilskot

Nordnorsk Design- og Arkitektursenter

Troms og Finnmark

300 000

Sletteløkka Arrangementer

Oslo

300 000

Tøyen Tegneserieverksted

Oslo

90 000

JOY - Joint Organization for Youth

Oslo

120 000

Byverkstedet 

Oslo

100 000

Nordhordland kunstlag

Vestland

200 000

Blue Elite eSports

Innlandet

75 000

Haugesund LANKultur

Rogaland

80 000

Transform 

Trøndelag

250 000

4H Finnmark

Troms og Finnmark

160 000

Røyrvik frivilligsentral 

Trøndelag

200 000

FolkOrg

Viken

20 000

Stiftelsen TekstLab 

Oslo

150 000

Olsvik skolekorps

Møre og Romsdal

50 000

Korpsnett Norge

Nasjonalt

250 000

Norges Musikkorps Forbund

Nasjonalt

250 000

AKKS Norge

Nasjonalt

300 000

Oslo Musikkråd

Oslo

200 000

Vadsø Jazzklubb 

Troms og Finnmark

250 000

KOM NÆRMERE / Bergen katedralskole, Kyrre skole

Vestland

100 000

Papillon 

Vestland

60 000

Røyken jazzforum

Viken

80 000

CODA Oslo International Dance Festival

Oslo

200 000

Kulturhjerte AS

Innlandet

200 000

Hålogaland Amatørteaterselskap

Troms og Finnmark

300 000

Bergen Internasjonale Kultursenter

Vestland

60 000

Stiftelsen Kirkens Bymisjon Drammen

Viken

24 000

KFUK-KFUM Norge Forandringshuset Drammen

Viken

150 000

Antirasistisk Senter

Oslo

300 000

Ullensaker kulturråd

Viken

200 000

BandOrg Akershus

Viken

200 000

Unge funksjonshemmede

Nasjonalt

200 000

Jeunesses Musicales Norway

Nasjonalt

350 000

Eiker Spellemannslag 

Viken

51 000

Tabanka Dance Ensemble

Oslo

150 000

Ås frivilligsentral

Viken

150 000

Musikk i skolen

Oslo

    200 000

Forum for Integrering og Dialog Agder

Agder

250 000

Stangeland skolekorps

Vestland

      50 000

Linderudkoret

Oslo

150 000

Drøbak-Frogn Skolekorps

Viken

100 000

Tøyen orkester

Oslo

100 000

Sunde og Kvernevik Teaterverksted

Vestland

100 000

Scenelusa Produksjoner

Oslo

300 000

Kultursenteret Sisa 

Troms og Finnmark

200 000

Bergen Vest Unge Strykere

Vestland

50 000

Øygarden kulturskulekor

Vestland

100 000

Somaliere i Tromsø- SIT

Troms og Finnmark

150 000

Kirsten Flagstad Festival

Innlandet

250 000

Snakk for deg sjøl AS

Troms og Finnmark

200 000

Norsk Folkehjelp Bodø

Nord

150 000

Dynamo Generasjon

Oslo

80 000

(Frivilligsentralene i Fredrikstad) Homestart Familiekontakten

Viken

200 000

Malakoff Rockfestival

Vestland

100 000

Global sosial utvikling

Oslo

150 000

Til saman

 

9 mill. kroner