Forslag til ny lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 128/20 | Dato: 20.11.2020
Regjeringa la i dag fram ein proposisjon med forslag til ny lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett.
Forslaget til ny lov vil blant anna styrke rettshavarane si stilling når dei har overlate forvaltninga av rettane sine til ein kollektiv forvaltningsorganisasjon.
– Det er viktig at den kollektive forvaltninga av opphavsrettar, og klarering av rettar, skjer på ein føreseieleg og tillitvekkjande måte. Vi må ha gode rammer for dei skapande verksemdene, og for utviklinga av nye og innovative tenester. Med dette lovforslaget vil reguleringa av kollektiv rettsforvaltning harmoniserast i heile EØS, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.
Åndsverklova regulerer i hovudsak sjølve rettane, og i mindre grad korleis desse skal forvaltast. Det er også få reglar i anna regelverk som tar for seg korleis kollektive forvaltningsorganisasjonar, som til dømes TONO og Kopinor, skal utøve verksemda si.
Forslaget til ny lov regulerer korleis kollektive forvaltningsorganisasjonar skal forvalte opphavsrett og nærståande rettar når organisasjonane gjennom fullmakt opptrer på rettshavarane sine vegner.
Reglane skal sikre at forvaltninga skjer på ein effektiv, føreseieleg og open måte. Forslaget stiller krav til forvaltningsorganisasjonane, blant anna når det gjeld styring, openheit og innsyn, forvaltning av vederlag, og medråderett for medlemmane. Dei nye reglane skal òg legge til rette for, og forenkle, klarering av musikkrettar over landegrensene, for eksempel til nye, nettbaserte tenester.
Lovforslaget er ei gjennomføring av EU sitt direktiv om kollektiv rettsforvaltning (2014/26/EU): Prop. 53 L (2020-2021) Lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett mv.