Historisk språklov
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 56/20 | Dato: 12.05.2020
Regjeringa la i dag fram forslag til ny språklov. Føremålet med lova er å sikre norsk språk som nasjonalt hovudspråk.
Følg behandlinga på Stortinget
– I dag skriv vi språkhistorie. Aldri før har Noreg hatt ei heilskapeleg språklov. Men 12. mai er allereie ein viktig dato i norsk språkhistorie. 12. mai 1885 er datoen for det såkalla jamstillingsvedtaket i Stortinget. Dette vedtaket sidestilte nynorsk og bokmål som offisielle språk i Noreg, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q Raja.
– Norsk språk er viktig for det norske demokratiet. Felles språk bidrar til å bygge sterke og inkluderande fellesskap. Den nye språklova slår fast at norsk språk skal styrkast. Alle offentlege organ får ansvar for å bruke, utvikle og styrke norsk i sin sektor. I nokre tilfelle betyr dette at norsk språk bør auke i bruk, seier kultur- og likestillingsminister, Abid Q. Raja.
– I den krisesituasjonen vi er inne i no, har fleire enn eg blitt ekstra merksame på kor viktig eit godt og klart norsk språk er for tillit og informasjonsflyt mellom innbyggjarane, fagpersonar og styresmakter. Men norsk språk er under press, først og fremst frå engelsk. I den nye språklova pliktar styresmaktene å halde norsk i hevd og gjere det tilgjengeleg i samfunnet, seier kultur- og likestillingsministeren.
For å styrke norsk språk er det heilt nødvendig å sikre nynorsk. I språklova får offentlege organ eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, slik at alle har den tilgangen til nynorsk som gjer at språket blir sikra som bruksspråk og kulturarv.
Språklova inneheld nye reglar for fylkeskommunane. Det er ikkje lenger berre staten som skal svare på nynorsk og bokmål til folk som skriv til dei. Dette skal også fylkeskommunane gjere. Dei språklege rettane til både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar blir styrkte.
Det blir også eit krav i lova om at offentlege organ skal uttrykke seg klart når dei kommuniserer med borgarane. Det skal ikkje vere slik at ein må lese eit brev mange gonger for å forstå innhaldet. Namn på statsorgan skal finnast på norsk og vere korrekt skrivne.
Lova anerkjenner samiske språk som likeverdige med norsk, slik samelova allereie gjer. Når det offentlege brukar samiske språk, skal språket også vere korrekt og i tråd med klarspråksideal for samisk.
Vidare skal offentlege organ fremje og verne kvensk, romani og romanes. For til dømes kvensk språk betyr dette at eit språk som har vore utsett for fornorsking på same vis som samiske språk, får formalisert status i den nye lova. Det gjer det lettare å få til ein systematisert innsats for kvensk.
Norsk teiknspråk får status som nasjonalt teiknspråk. Dette er ei anerkjenning av norsk teiknspråk. Det er historisk, ettersom norsk teiknspråk lenge ikkje har vore sett på som eit ekte språk. Språklova skal sikre at offentlege organ fremjar norsk teiknspråk ut over det som lovverket krev. Regjeringa vil ha ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet i form av ei offentleg utgreiing (NOU).
I tillegg til å føreslå ei ny språklov, peikar proposisjonen på område som har særleg språkpolitisk relevans. For å sikre norsk språk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk er opplæringssektoren, medie- og kultursektoren og IKT-politikken heilt avgjerande. Ein digital offentleg sektor må fungere både på norsk og samisk. Språkrådet vil få lovfesta oppgåver og rettleie det offentlege om korleis dei ulike språka kan fremjast, og korleis regelverket er å forstå.
Kultur- og likestillingsministeren legg fram ny språklov
Sjå sendinga her