Over 1,3 milliardar kroner til idretten og frivillige organisasjonar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 127/20 | Dato: 12.11.2020
I dag betalar Lotteri- og stiftelsestilsynet ut pengar til resterande søknadar i andre runde av regjeringas kompensasjonsordning for betydelige inntektsbortfall for idretten og frivillige organisasjoner. Utbetalingane gjeld arrangement som fann stad før 31. august.
– Eg veit at desse pengane kjem godt med mange stader. Vi har heldigvis veldig mange menneske i dette landet som er engasjerte i idrett eller i frivillig sektor, men på grunn av pandemien har det dessverre vore mindre aktivitet og mindre inntekter enn vanleg. Det er viktig for regjeringa å legge til rette for at det også i framtida skal finnast eit lokalt idrettslag eller ein frivillig organisasjon å engasjere seg i, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.
Etter at koronakrisa inntraff har sektoren tilsaman fått utbetalt over 1,3 milliardar kroner frå denne kompensasjonsordninga.
I første søknadsrunde blei det utbetalt 270 millionar kroner.
I denne andre runden er det samla beløpet på 1,05 milliardar kroner og kompensasjon en omfattar 25 615 ulike arrangement og aktivitetar.
– Vi er glade for at vi raskt og effektivt har sikra utbetaling til dei mange organisasjonane i landet vårt som opplever bortfall av inntekter på grunn av covid-19-pandemien. Vi ønskjer med dette å bidra til å oppretthalde den aktiviteten som let seg gjennomføre, seier kultur- og likestillingsministeren.
Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar ordninga for Kulturdepartementet og du kan lese meir om ordningane her: https://lottstift.no/nokkeltal-krisepakke-2/
Ordninga held fram for perioden frå 12. mars til 31. desember med søknadsfrist 15. januar 2021. Du kan lese meir om denne ordninga her: https://lottstift.no/krisepakke-3-for-frivilligheita/