Presseinvitasjon: Pridemarkering i regjeringas representasjonsbustad onsdag 24. juni klokka 10
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 75/20 | Dato: 23.06.2020
Flaggmarkering, korsang og ei god nyheit.
Sjølv om regjeringas tradisjonelle Pridearrangement i Parkeveien i år blei avlyst på grunn av korona, ønskjer likevel kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja å halde fram tradisjonen med å dekorere regjeringas representasjonsbustad med regnbogeflagget.
- Oslo Pride er eit viktig arrangement også i år når feiringa er annleis. Regnbogeflagget er eit viktig symbol for openheit, inkludering og kjærleik. Dette er verdiar som eg er glad for å løfte fram på vegne av regjeringa, seier Raja.
Organisasjonen Salam vil vere til stades for å ta imot ei god nyheit. Salam er ein frivillig organisasjon som arbeider for eit inkluderande og trygt miljø for skeive med muslimsk bakgrunn.
Representantar frå FRI, Oslo Pride, Skeiv ungdom og Skeiv Verden er også inviterte til markeringa.
Andre medlemmar av regjeringa vil også ta del.
Pressa er velkomne til flaggmarkering og underhaldning ved Oslo fagottkor. Statsrådar og Salam blir tilgjengelege for intervju.
Påmelding for presse er påkravd før tysdag 23. juni klokka 1430 til kudinfo@kud.dep.no
Onsdag må pressa møte opp i Parkveien 45 seinast klokka 0945 for registrering. Ta med gyldig id.
Arrangementet er slutt 10.30