3 230 millionar kroner til idrettsformål i 2021
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 57/21 | Dato: 07.05.2021
Regjeringa har fordelt 3 230 millionar kroner i spelemidlar til idrettsformål i 2021. Beløpet er 369 millionar kroner høgare enn i fjor. Tildelinga av spelemidlar i år er den høgste nokon gong.
1 568 millionar kroner til idrettsanlegg i kommunane
Regjeringa har fordelt 1 568 millionar kroner til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg i kommunane. Beløpet er 131 millionar kroner høgare enn i fjor.
– Idrettsaktiviteten i lokalsamfunna i Noreg er i stor grad avhengig av anleggsinvesteringar. Slike investeringar er store økonomiske løft for kommunar, idrettslag og foreiningar. Tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg er difor regjeringa si fremste prioritering i fordelinga av spelemidlar til idrettsformål, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
Sidan 2013 er tilskotet til idrettsanlegg i kommunane auka med 118 prosent. Gjennom fordelinga i år vert gjennomsnittleg tid å venta på spelemidlar redusert til under tre år.
Kvar av dei 11 fylkeskommunane tek imot eit rammebeløp til fordeling. Fordelinga mellom fylkeskommunane er lagt ved.
420 millionar kroner til lokale lag og foreiningar
Regjeringa har fordelt 420 millionar kroner til lokale lag og foreiningar som driv idrett og fysisk aktivitet for barn og ungdom. Beløpet er 48 millionar kroner høgare enn i fjor.
– Tilskotet vert fordelt gjennom idrettsråda til fleire tusen lokale lag og foreiningar som driv idrett og fysisk aktivitet for barn og ungdom. Tilskotet bidreg til eit styrka aktivitetstilbod, held kostnadane i laga nede og støttar opp om den frivillige innsatsen, seier kultur- og likestillingsministeren.
150 millionar kroner til prioriteringar i idrettsstrategi
Regjeringa har sett av 150 millionar kroner til prioriteringar som skal gå inn i ein idrettsstrategi som skal leggjast fram i august. Midlane skal fordelast i august. Idrettsstrategien vert omtala i ei eiga pressemelding.
Andre prioriteringar i fordelinga
I fordelinga av spelemidlar til idrettsformål i år styrkjer regjeringa fleire tilskot, mellom anna til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter, utstyr, arrangement for personar med nedsett funksjonsevne og friluftstiltak for barn og ungdom.
Sjå full oversikt over fordelinga av spelemidlane til idrettsformål i 2021: