345 millionar kroner til Stiftelsen Dam
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 60/21 | Dato: 07.05.2021
Stiftelsen Dam mottar totalt 345 millionar kroner frå speleoverskotet i Norsk Tipping i 2020 til helse- og rehabiliteringsformål i 2021. Dette er ein auke på nær 40 millionar kroner frå i fjor.
Stiftelsen Dam har stor betydning gjennom å gje støtte til prosjekt som bidrar til å fremme levekår, fysisk og psykisk helse, meistring, livskvalitet eller sosial deltaking. Her er også tiltak for meir deltaking og likestilling for funksjonshemma, førebyggjande helsearbeid, rehabilitering, omsorgsarbeid og folkehelsearbeid.
– Tildelinga til Stiftelsen Dam er særleg viktig i den situasjonen vi er i no når store deler at samfunnet er stengt ned. Midlane er med på å sikre at frivillige helseorganisasjonar kan gjennomføre tiltak for utsette barn og unge og skape aktivitet for eldre og einsame seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
6,4 prosent av overskotet til Norsk Tipping skal gå til helse- og rehabiliteringsformål gjennom Stiftelsen Dam. Totalt utgjer dette nær 345,2 millionar kroner i 2021.