Revidert nasjonalbudsjett
Auka tilskot på 50 millionar kroner til museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 63/21 | Dato: 11.05.2021
Regjeringa foreslår 50 millionar kroner i auka tilskot til museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar. Føremålet med auken er å halde oppe aktivitet og trygge at tilsette ved desse institusjonane kan vere i arbeid.
Midla vert fordelte med 35 millionar kroner til museum og 15 millionar kroner til musikk- og scenekunstinstitusjonar.
– Museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar er ein viktig del av den kulturelle infrastrukturen. Dei vil vere heilt sentrale i gjenopninga av samfunnet og må difor vera rusta til å kunna gje eit breitt publikumstilbod når det stegvis vert opna opp for meir aktivitet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
Grunna pågåande smitteverntiltak har mange museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar måtta halde stengt eller avgrense tilbodet til publikum. Dette har ført til tap av eigeninntekter. Mange av desse institusjonane er avhengige av eigeninntekter for å kunne drive på forsvarleg måte og gje eit godt tilbod til publikum.
I lys av dagens smittevernsituasjon foreslår regjeringa å auke tilskotet til desse institusjonane endå meir. Fordi sommaren er høgsesong for musea, vert det tilrådd å gje brorparten av den samla løyvinga til musea.
Desse institusjonane har frå før fått ei auke i tilskota på 435 millionar i 2020 og fyrste halvår 2021.
Midla er fordelte til institusjonane etter same prinsipp som tidlegare, dvs. med utgangspunkt i billettinntekter og inntekter frå sal i butikk og kafé i 2019.
Fordelinga av midla går fram av oversynet (.xlxs)