Statsbudsjettet 2022
Auka tilskot til museum
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 117/21 | Dato: 12.10.2021
Regjeringa la våren 2021 fram ei ny museumsmelding, og følgjer opp med eit framlegg om 18 millionar kroner i auka driftstilskot, og 30 millionar kroner i investeringstilskot til ei rekkje museum.
Midlane kjem i tillegg til regjeringa si oppfylging av meldinga gjennom fleire museumstiltak i samband med revidert nasjonalbudsjett og fordeling av spelemiddel i 2021.
– Musea fortel historia om kven vi er og kvar vi kjem frå. Eg er glad for å kunne vidareføre satsinga frå museumsmeldinga på kystkultur, kunst i nord, museumsforsking, bygningsvern og aktiv samhandling, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
18 millionar kroner i auka driftstilskot i 2022 er fordelt til følgjande museum og tiltak:
6 millionar kroner til løft for kystkultur
- 3 millionar kroner til Vest-Agder-museet
- 1 million kroner til Nordmøre museum
- 1 million kroner til Haugalandmuseet
- 1 million kroner til Sunnhordland museum
6 millionar kroner til løft for kunst i nord
- 3 millionar kroner til styrking av verksemda til Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø
- 3 millionar kroner til å skipa ei ny avdeling av Nordnorsk Kunstmuseum i Bodø
6 millionar kroner til samhandling og forsking
- 1 million kroner til løft for aktiv samhandling: IRMAS – Interregionalt marinarkeologisk samarbeid mellom Museum Stavanger, Norsk Folkemuseum og Museum Vest
- 5 millionar kroner til løft for museumsforsking (stipendiatstillingar)
Vidare foreslår regjeringa 30 millionar kroner i investeringsmidlar i 2022 med tilhøyrande tilsegnsfullmakter på til saman 185 millionar kroner for løyving i seinare budsjettår:
- 15 millionar kroner til rehabilitering av Ole Bulls villa Lysøen (ved KODE Kunstmuseer og komponisthjem). Dette er eit konkret døme på oppfylging av drøftinga i museumsmeldinga om trongen for auka innsats for bygningsarven.
- 10 millionar kroner i investeringstilskot til Skrei – Opplevelsessenter i Lofoten (ved Museum Nord) med ei tilsegnsfullmakt på ytterlegare 152 millionar kroner i seinare budsjettår. Tilskotet er ei oppfylging av den tilrådde kystkultursatsinga i museumsmeldinga.
- 5 millionar kroner i investeringstilskot til Hardanger fartøyvernsenter (ved Hardanger og Voss museum) med ei tilsegnsfullmakt på ytterlegare 33 millionar kroner i seinare budsjettår. Tilskotet er ei oppfylging av den tilrådde kystkultursatsinga i museumsmeldinga.