Full momskompensasjon til bygging av idrettsanlegg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 79/21 | Dato: 21.06.2021
Lotteri- og stiftelsestilsynet utbetalar i desse dagar 292,7 millionar kroner i kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.
– Eg er glad for at vi i år kan utbetale full momskompensasjon til alle dei 532 godkjente søknadene om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
– Dette er ei god ordning for idrettslag som tar på seg ansvar og risiko når dei byggjer eigne idrettsanlegg. Spesielt i krevjande tider som vi har no der mange idrettslag har anstrengt økonomi er det viktig at staten stiller opp og bidrar med ordningar som gir føreseielege rammevilkår, seier kultur- og likestillingsministeren.
Oversyn over tildeling av momskompensasjon finn du på heimesidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet