Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

Gjenopning av kultursektoren og satsing på scenekunst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regeringa har gjennom pandemien hatt som mål at vi skal ha eit rikt og mangfaldig kulturliv også etter krisa. Regjeringa foreslår 15 millionar kroner til å følgje opp tiltak i strategien for scenekunst, som er ein viktig plan for opptrapping og styrking av det norske scenekunstfeltet.

Når vi no er tilbake til ein normal kvardag med auka beredskap, kan kultursektoren auke aktiviteten. På vegen til normal kvardag vil regjeringa leggje til rette for at kunst og kultur av ypparste kvalitet kjem flest mogleg til gode.

– Med scenekunststrategien og midla som følgjer med, vil vi styrke infrastrukturen på scenekunstområdet, sørge for betre utnytting av ressursane, og den enkelte aktør vil få betre føresetnader for å drive kunstnarisk virke. I tillegg legg vi fram tiltak for å auke mangfaldet både blant utøvarar og publikum, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Regjeringa sette av 10 millionar kroner frå speleoverskotet i auka løyvingar til scenekunstfeltet i samband med lanseringa av Strategi for scenekunst. I budsjettforslaget for 2022 følgjer vi opp med 15 millionar kroner til tiltak som mellom anna skal styrke mangfald og infrastruktur på scenekunstområdet:

  • 10 millionar kroner til 12 regionale kompetansesenter for dans
  • 2,5 millionar kroner til styrking av tre regionale operaer: OscarsborgOperaen, Opera Rogaland og Trondheim Symfoniorkester og Opera
  • 1 million kroner til Turnéteatret i Trøndelag
  • 1 million kroner til Rommen Scene/Det Norske Teatret
  • 500 000 kroner til Dansenett Norge/Dansens Hus

Regjeringa satsar også vidare på gode kulturarenaer og scenekunst gjennom rehabilitering av to av landets viktigaste scener:

 

  • 284,2 millionar kroner til oppgradering og modernisering av Den Nationale Scene i Bergen
  • 43 millionar kronar for å leggje til rette for oppstart av rehabilitering av Nationaltheatret i Oslo

Norsk kulturråd og Norsk filminstitutt har fått i oppdrag å utarbeide ei oversikt over langsiktige konsekvensar av pandemien og kva utfordringar og moglegheiter han har gitt for kulturfeltet. Utifrå dette vil eksisterande og eventuelt nye verkemiddel bli vurderte som moglege tiltak for å gjenoppbygge og utvikle dei ulike delane av kultursektoren. Sluttrapporten er venta i desember 2021.