Statsbudsjettet 2022
Storstilt markering av frivilligheitsåret 2022
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 120/21 | Dato: 12.10.2021
Kulturdepartementet vil sette av til saman 20 millionar kroner til feiringa av frivilligheitsåret 2022. Midla skal bidra til å auke deltakinga i frivillige organisasjonar gjennom små og store markeringar over heile landet i 2022.
Målsettinga for frivilligheitsåret er å bidra til meir deltaking i frivillig sektor, bidra til ein meir tilgjengeleg og mangfaldig frivillig sektor og gjere sektorens samfunnsbidrag meir synleg.
– Frivilligheita er hardt råka av covid-19-pandemien. I periodar med nedstenging har det vore vanskeleg for mange organisasjonar å drive aktivitet på same måte som før. Markeringa av frivilligheitsåret i 2022 vil bidra til at organisasjonane kan vise seg fram og rekruttere nye medlemmar og frivillige, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
Frivilligheitsåret skal vise frem heile breidda i den frivillige verksemda – handarbeid, nærmiljø, redningsteneste, idrett, korps, fartøyvern og alt imellom.
Frivillighet Norge er sekretariat for Frivillighetens år 2022, og dei har i perioden 2019-2021 fått til saman 5,5 millionar kroner til planlegging. No foreslår regjeringa å løyve 8 millionar kroner over statsbudsjettet og det er vidare lagt opp til å tildele ytterlegare 12 millionar kroner frå speleoverskotet.
– Det føreslåtte tilskottet på 20 millionar kroner til markeringa av frivilligheitsåret er viktig og vil kome heile sektoren til gode, ikkje minst no ved gjenopninga av samfunnet, seier Raja.