Statsbudsjettet 2022
Stort løft for dataspel- og filmfeltet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 119/21 | Dato: 12.10.2021
Regjeringa foreslår å løyve om lag 29 millionar kroner meir til dataspel og film i statsbudsjettet for 2022.
– Trass i krevjande vilkår, har dataspel og film halde god utviklingstakt og produksjonsevne gjennom pandemien. Med denne budsjettauken vil vi forsterke den gode utviklinga. For femte år på rad løftar regjeringa dataspel vidare som kultur, kunst, næring og fritidsaktivitet. Samstundes styrker regjeringa filmfeltet både i breidda og i toppane av tilbodet og næringa, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
Regjeringa følgjer opp dataspelstrategien Spillerom og foreslår å auke løyvinga til dataspel i filmfondet med 8 millionar kroner. Løyvinga skal blant anna nyttast til tilskot til utvikling og formidling av dataspel.
Vidare inneber budsjettforslaget ein auke på 10 millionar kroner til filmfondet, øyremerkt mangfald i filmtilbodet og internasjonalisering.
Samstundes foreslår regjeringa 7,5 millionar kroner i auka løyve til regionale filmsenter og 2,9 millionar kroner til drift av Norsk Filminstitutt. Driftsmidla skal nyttast til å styrke arbeidet med mellom anna mangfald og internasjonalisering. Budsjettforslaget inneber også ein auke i tilskotet til International Sámi Film Institute (ISFI) på 500 000 kroner, og eit tilskot på 200 000 kroner til Noneda, norsk nettverk for dataspillbedrifter.
– Dette budsjettforslaget bidreg til utviklinga av gode norske dataspel med element av norsk kultur og historie. Dei auka løyvingane til regionale filmsenter og satsinga på mangfaldet i filmbransjen vil også styrkje den geografiske og tematiske breidda i filmtilbodet. Dette vil kome publikum til gode, seier Raja.
Den samla løyvinga til dataspel- og filmføremål aukar frå 863 millionar kroner i 2021 til 907 millionar kroner i 2022.