Svar på skriftleg spørsmål om tal for areal omdisponert til andre formål enn landbruk i 2014 og 2015 samanlikna med 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 24.06.2016
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm 1330
Vår referanse:
16/817-
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om tala for areal omdisponert til andre formål enn landbruk i 2014 og 2015 samanlikna med 2013.
Eg viser til spørsmål nr. 1330 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet er reist i brev av 17.06.16 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad. Spørsmålet er som følgjer (med grunngjeving):
"Har areal omdisponert til andre formål enn landbruk (fråtrukke areal til skogplanting) auka i 2014 oq 2015 samanlikna med omdisponeringa i 2013? Og i tilfelle kor mykje?
Grunngjeving:
Høgre sin landbrukspolitiske talsperson sa i debatten om jordbruksoppgjeret: "omdisponeringa av dyrka mark er nå på det laveste nivået siden registreringene startet i 1976.
Dette er det ikkje mogleg å finne i SSB sine tal."
Tala for omdisponering av dyrka jord blir registrerte i KOSTRA (Kommune-stat-rapportering). Dyrka jord omdisponert til andre formål enn landbruk (omdisponeringa til skogplanting er ikkje med) var i 2015 på 6 341 dekar. I 2014 var denne omdisponeringa på 5 710 dekar, mens den i 2013 var på 5 620 dekar. Såleis auka omdisponeringa i 2015 med 631 dekar samanlikna med 2014, og med 721 dekar samanlikna med 2013.
Samstundes ligg den årlege omdisponeringa av dyrka jord i alle desse tre åra (2013-2015) under omdisponeringa i alle dei føregåande åra, heilt tilbake til registreringa starta i 1976. Ut frå dette kan ein seie at omdisponeringa av dyrka jord dei tre siste åra er på det lågaste nivået sidan registreringene starta i 1976.
Til samanlikning blei det gjennomsnittleg omdisponert 7 600 dekar årleg i perioden med raud-grøn regjering, og gjennomsnittleg 11 400 dekar i perioden 1994-2003 som var utgangspunktet for halveringsmålet i 2004.
Med helsing
Jon Georg Dale