Svar på skriftleg spørsmål om Mattilsynet sin rapport om forholda hjå svinebønder i Rogaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 12.06.2018
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm 1750
Vår referanse:
18/663-2
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ulf Leirstein (FrP) om Mattilsynet sin rapport knytt til forholda hjå svinebønder i Rogaland.
Svar på spørsmål nr 1750 frå stortingsrepresentant Ulf Leirstein
Representanten Leirstein har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:
"Mattilsynet har fremlagt en rapport knyttet til forholdene hos svinebønder i Rogaland, og rapporten har alarmerende funn. Avvik på 166 av 228 undersøkte svinebesetninger, hvor de fleste avvik gjaldt syke eller skadde dyr. Hva vil statsråden konkret gjøre for å følge opp at dyrevelferden for gris blir bedre?"
Eg fekk tidleg kjennskap til at det var ein del uakseptable funn i tilsynskampanjen med hald av slaktegris i Rogaland. Difor kalla eg inn næringa til møte allereie i februar.
På møtet orienterte næringa om tiltak som var sett i verk for å betre kompetanse og haldningar hjå produsentane. Det vart òg presentert eit dyrevelferdsprogram som heile næringa står bak, og som dei ville sette i verk i slaktegrisproduksjonen. Produsentar som ikkje følgjer krav i dyrevelferdsprogrammet, vil få trekk i slakteoppgjeret og avvika vil bli rapporterte til Mattilsynet. Programmet omfattar mellom anna regelmessige besøk av veterinær, i alt 3.500 veterinærbesøk i året.
Det Mattilsynet har avdekka i sin tilsynskampanje er ikkje akseptabelt. Bønder som ikkje kan ta vare på dyra sine, har vi ikkje plass til i norsk husdyrproduksjon. Eg forventar at svinenæringa no er sitt ansvar bevisst og at dei ryddar opp.
Eg har kalla inn næringa til eit nytt møte for å få ei orientering om framdrifta i dei tiltaka som blir gjennomført i regi av næringa, og om næringa i lys av dei funna Mattilsynet har gjort, vil framskynde arbeidet sitt.
Med helsing
Jon Georg Dale