Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 13.06.2017
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.) (Innst. 427 L (2016–2017), jf. Prop. 92 L (2016–2017))
Det var ikkje meininga å gjere Senterpartiet urett og ta dei med i min kritikk av Arbeidarpartiet når det gjeld posisjonar på sal av Statskog-eigedom. Men sjølv for eit trena auge har det etter kvart vorte vanskeleg å sjå forskjell på Arbeidarpartiet og Senterpartiet, også i dette spørsmålet.
Ut over det meiner eg at dei som i dag kritiserer Venstre for prosessen, bør sjå på kva Venstre no faktisk føreslår. Venstre føreslår å stemme for godt utgreidde forslag frå regjeringa. Dernest har Venstre forslag til nye utgreiingar. Eg vil karakterisere det som forsvarleg saksbehandling å stemme for godt utgreidde forslag og å stemme for utgreiing av nye ting ein trass alt kan tenkjast å vere for.
Så til eit par andre element rundt saksbehandlinga. At mindretalet i Stortinget ikkje er fornøgd med si eiga saksbehandling rundt eit forslag frå regjeringa, får vere opp til Stortinget. Men når Kristeleg Folkeparti signaliserer at dei no tydelegvis begynner å bruke søndagane til arbeid, indikerer det vel at iallfall dei fire samarbeidspartia har begynt å take på alvor at dette er krevjande saker, men saker ein er nøydd til å gå inn i substans i bakgrunnen for, for å gjere vurderingar av dei. Den erkjenninga synest eg i litt for liten grad har prega innlegga frå opposisjonen.
Vi gjer no nødvendige moderniseringar, både for jordbruket, for skogbruket og for folk som vil ha familie og bu i nærleiken av garden dei kjem frå, ved å skilje ut hyttetomt eller nausttomt eller andre forslag som gjev større fleksibilitet for den private grunneigaren. Men mens Per Olaf Lundteigen no tornar frå talarstolen i kjend stil, knytt til utfordringar i skognæringa og f.eks. forslaget om endring i priskontrollen, så er ei samla skognæring for endringar i priskontrollen. Og trur vi at ei samla skognæring er for endringar i priskontrollen for å slå eit slag for ei liberalistisk regjering, som Senterpartiet likar å framstille det som? Eller trur vi at ei samla skognæring er for nødvendige moderniseringar i konsesjonslova og priskontrollen fordi dei ser at det kan gje auka verdiskaping og arbeidsplassar i distrikta? Det er openbert det siste.
Så det kan hende at også opposisjonen hadde stått seg på i større grad å ta inn over seg den verkelegheita som næringane sjølve er i.