Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om norsk forbruk og produksjon av kjøt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand (Sp) om norsk forbruk og produksjon av kjøt.

Svar på spørsmål nr. 1902 frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand om norsk forbruk og produksjon av kjøt

Eg viser til spørsmål nr. 1902 til skriftleg svar oversend frå Stortingets presi­dentskap. Spørsmålet er reist i brev av 12.04.21 frå stortingsrepresentanten Marit Knutsdatter Strand. Spørsmålet lyder som følgjer:

"Kjøt er ein viktig del av kosthaldet vårt, og produksjon i Noreg har låg bruk av antibiotika kombinert med høgt fokus på dyrevelferd. Importert kjøt har nyleg hatt med seg salmonella, blant andre omtalt av FHI og NRK 11. mars. Kor stor er råvaremangelen innanfor kjøttproduksjon i Norge no, kva gjer regjeringa for å auke den norske sjølvforsyninga på kort og lang sikt, samt for å sikre auka omsetning for norske råvarer som kjøt, blant anna ved meir synleg merking av maten?"

Eg vil fyrst understreka at eg er samd med representanten Strand i at vi i Noreg har god dyrevelferd og lavt forbruk av antibiotika i vårt husdyrhald. Både husdyrprodusentane og styresmaktene arbeider aktivt for at vi skal kunne oppretthalde den gode statusen på dette området.

Under er ein tabell som viser prognose frå marknadsregulator Nortura for marknads­balansen i 2021 for egg og kjøt av firbeinte dyr. Alle tala i tabellen gjeld tonn vare.

Produksjon Tilførsel Engrossal Marknadsbalanse
Storfe 94 400 102 600 -8 200
Lam 20 206 20 500 -300
Sau 4 900 4900 -
Gris 132 550 138 000 -5 400
Egg 66 600 66 200 400

Marknadsregulator viser til at dei i prognoseringa har lagt til grunn ein gradvis normalisering av koronasituasjonen etter sommaren. Tala for tilførsel av kjøt og egg i 2021 er summen av norsk produksjon og import på dei fasta kvotane våre som er ein del av dei handelsavtalar Noreg har inngått.

Prognosen viser at vi i 2021 vil ha om lag balanse mellom tilførsel og forbruk av kjøt av sau/lam og egg. Når det gjeld storfekjøt, vil norsk produksjon auke noko i 2021, men det høge forbruket av mjølk pga. covid-19 gjer at det blir relativt lite slakting av dyr av mjølke­rase. Eg vil gjerne peike på den gode utviklinga vi har hatt dei siste fem åra med auke i ammekutalet og at den har vore større enn nedgangen i talet på mjølkekyr, slik at samla talet på mordyr i norsk storfe­produksjon har auka.

Så seint som i 2019 hadde vi overproduksjon av gris med 1 450 tonn. Før koronapandemien kom i 2020 vart det difor gjennomførd tiltak i regi av marknadsregulator for å redusere produksjonen og bringe marknaden i betre balanse. Men koronasituasjonen førde til stor auke i norsk forbruk. For å dekke denne endringa i etterspurnaden av svinekjøt, har marknadsregulator auka norsk produksjonsomfang samanlikna med det som var planlagt gjennom å heve gjennomsnittleg slaktevekt på grisen. I tillegg er det gjennomførd suppleringsimport.

Nortura er ikkje marknadsregulator for fjørfekjøt. Etter den informasjon departementet har mottatt var det ikkje behov for suppleringsimport i 2020, fordi norsk produksjon og noko kvote­import dekte etterspurnaden. Den korte produksjonssyklusen for kylling  gjer det mogleg å relativt raskt auke norsk produksjon, slik at det truleg heller ikkje i 2021 blir naudsynt å gjennomføre suppleringsimport.

Før covid-19 var vi nær fullt ut sjølvforsynte i Noreg med kjøt og egg, og dette gjaldt òg for fisk, mjølk og meieriprodukt og grove grønsaker som kål og kålrot. Under covid-19 er norsk forbruk av matvarer blitt monaleg auka fordi langt færre reiser utanlands på ferie mv. og grensehandelen er sterkt redusert. Koronasituasjonen vil etter kvart bli normalisert og ein kan difor ikkje basere framtidig norsk produksjonsomfang på den marknadssitua­sjon­en vi har nå. Dette er og den vurderinga som marknadsregulator Nortura har gjeve i år i deira innspel til partane i jordbruksoppgjeret. Dersom vi nå aukar norsk produksjon ut frå den høgare etterspurnaden av matvarer, kan det etter covid-19-normalisering gje overproduk­sjon med sterk reduksjon i pris til produsent og auka kostnader for produsentane til mark­nads­balanseringstiltak.

Under koronaperioden har eg lagt stor vekt på å ha tett kontakt med jordbruksorgani­sa­sjonane og marknadsaktørane i matsektoren. Verksemder som er viktige for norsk matfor­syning er definert som samfunnskritisk, og kjøtbransjen har fått høve til å hente inn naudsynt nøkkelpersonell frå utlandet.

Eg hadde seinast 19. april eit møte med kjøtbransjen, der også Mattilsynet deltok, om mogelegheitene for å gjennomføre import av kjøt ut frå situasjonen nå med utbrot av salmonellasjukdom. Forbrukarane må kunne vere sikre på at dei ikkje vert sjuke av maten dei et, uavhengig av om den er produsert i Noreg eller er importert. Det er marknadsaktørane som har ansvar for at maten dei sel er trygg, også når råvarene til verksemda er importert.

Eg vil leggje til at marknadssituasjonen for kjøtsektoren på kort og lang sikt sjølvsagt vil vere eit viktig tema ved det komande jordbruksoppgjeret. Det er viktig at vi under forhandlingane ikkje gjer tiltak som kan medføre overproduksjon.

Når det gjeld merking av mat, vil eg vise til at regelverket på dette området skal sikre at forbrukarane får naudsynt og korrekt informasjon, slik at dei har eit godt grunnlag for sine innkjøp av matvarer. For matvarer som kjøt er det særskilde reglar om opprinnelsesmerking og om korleis desse opplysningane skal formidlast til forbrukarane. Som hovudregel skal det gis informasjon om både oppdrettsstad og slaktestad for dyret, og for storfekjøtt også kor dyret er født. Opplysningane skal ha ein iaugefallande plassering på pakningane og vere godt synlege, og merkekrava gjeld anten det er norskprodusert eller importert kjøt.

Eg vil og vise til merkeordninga "Nyt Norge" som skal gjere det lettare for forbrukarane å velje norske matvarer. Merkeordninga blir forvalta av den uavhengige "Stiftelsen Norsk Mat" som er oppretta av Landbruks- og matdepartementet.

Med helsing

Olaug Vervik Bollestad