Folk i alle hus
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 21.11.2013
Mange kommunar har arbeidd aktivt med sikte på å få ny busetjing i tomme hus. I Nesset i Møre og Romsdal vart prosjektet "Folk i alle hus" gjennomført med mål om å selje 10 småbruk. Resultatet vart 15 småbruk.

Prosjektet var eit samarbeid mellom kommunen, Vekstkommuneprogrammet i Nesset, bygdelaga i kommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Etter ein periode på tre år, kan prosjektet bidra med følgjande erfaringar:
- Sett konkrete mål
- Formaliser samarbeidet mellom aktørane, og lag system for dokumentasjon
- Skaff merksemd og PR
- Jobb systematisk og grundig – bygd for bygd
- Bruk kjentfolk
- Inviter til dialog – ver audmjuk og tolmodig overfor eigarar