Innmarksbeitet - gullet i rogalandbruket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 02.10.2014 | Sist oppdatert: 13.10.2014
Innmarksbeita i Rogaland gir meir avling per dekar enn det fulldyrka jord gir mange andre stader i landet. Dei er ein avgjerande ressurs for å få opp kjøttproduksjonen, anten det er snakk om storfe- eller sauekjøtt. Beita er ein viktig del av Rogalands-jordbruket sitt kulturlandskap.

Innmarksbeite, også kalla gjødsla beite eller kulturbeite, er ein svært viktig ressurs i gras- og husdyrfylket Rogaland. Rogaland har eit jordbruksareal på totalt 1 071 200 dekar. 46 prosent av dette er innmarksbeite – snautt ein halv million dekar. Utan denne viktige arealressursen hadde ikkje Rogaland vore det matfylket vi er dag. Innmarksbeitet i Rogaland utgjer om lag 22 prosent av alt innmarksbeite i landet.
På godt pleia beite i beste klimasone viser forsøk at produksjonspotensialet er 600-800 kg tørrstoff per dekar mot 1200 kg på fulldyrka grasareal. Dette betyr at mykje av innmarksbeitet i Rogaland gir meir avling per dekar enn det fulldyrka jord gir mange andre stader i landet.