Julekalender 2015: Vinnarar av julequiz 11. 12. og 13. desember er kåra
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 14.12.2015
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnarane av quiz 11. 12. og 13. desember er: Jana Kruse, Jøran Johnsen og Gudbrand Teigen.
Vinnar 11. desember: Jana Kruse
Premien er ei gåvepakke med tangsalt, lynghonning og krydra tyttebære frå Lindesnes fyr.
Spørsmål i quiz 11. desember var:
Kva heiter det populære brødet dei bakar på Lindesnes fyrstasjon?
Rett svar er: Fyrbrødet
Vinnar 12. desember: Jøran Johnsen
Premien er eit glas plommesyltetøy frå Sjødalstrand Gard.
Spørsmål i quiz 12. desember var:
Kva plommesort er hovudsorten i plommesyltetøyet frå Sjødalstrand?
Rett svar er: Opal
Vinnar 13. desember: Gudbrand Teigen
Premien er 3 liter eplemost frå Bråstad epler.
Spørsmål i quiz 13. desember var:
Kor mange liter av eplemosten die produserer på Aske Nordre blir til Braastad elpemost?
Rett svar er: 18000 liter
Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.
I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud Hotell, Lindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.