Julekalender 2015: Vinnar av julequiz 18. 19. og 20. desember er kåra
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 21.12.2015
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnarene av quiz 18. 19. og 20. desember er: Terje Pedersen, Magne Totland og Sissel Andersen.
Vinnar 18. desember: Terje Pedersen
Premien er pizzabunner og geitost frå Lega.
Spørsmål i quiz 18. desember var:
Kva kjennetegner brunosten frå Lega?
Rett svar er: Den er lys, fet og mild
Vinnar 19. desember: Magne Totland
Premien er Gulrotmarmelade og pesto frå Han Sylte.
Spørsmål i quiz 19. desember var:
Kva er hovedingrediensen i pestoen frå Han Sylte?
Rett svar er: Gulrotgras
Vinnar 20. desember: Sissel Andersen
Premien er spekepølse frå Hadeland Viltslakteri
Spørsmål i quiz 20. desember var:
Kva kjøtvare er mest ettertrakta hjå kundane til Hadeland Viltslakteri?
Rett svar er: Produkt av elgkjøt.
Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.
I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud Hotell, Lindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.