Julekalender 2015: Vinnar av julequiz 23. og 24. desember er kåra
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 29.12.2015
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnaren av quiz 23. og 24. desember er: Odd Henrik Johnsen og Bente Nærland Reve.
Vinnar 23. desember: Odd Henrik Johnsen
Premien er gavepakke av lokalprodukter frå Lindesnes Havshotell.
Spørsmål i quiz 23. desember var:
Korleis starta familien Ubostad si reiselivssatsing?
Rett svar er: Med oldemora sin teltleirplass ved Rosfjordstranden.
Vinnar 24. desember: Bente Nærland Reve
Premien er tørka reinkjøtt frå Finnmarksrein.
Spørsmål i quiz 24. desember var:
I kva område ligg dei reindistrikta som leverer til merkevaren Finnmark Rein?
Rett svar er: Karasjok, Kautokeino, Tana og Varanger.
Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.
I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud Hotell, Lindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.