Julekalender 2015: Vinnar av julequiz 4. 5. og 6. desember er kåra
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 07.12.2015
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnaren av quiz 4. 5. og 6. desember er: Erik Lundeby, Siri Janne Koht og Anja Hjelseth.
Vinnaren 4. desember er: Erik Lundeby
Premien er eit glas morellsirup frå Høgetveit gard.
Spørsmål i quiz 4. desember var:
Kor mange morellsortar dyrkar dei på Høgetveit gard?
Rett svar er: 8
Vinnaren 5. desember er: Siri Janne Koht
Premien er et saueskinn fra Torbjørnrud gård.
Spørsmål i quiz 5. desember var:
Kva råvarer hentar Thorbjørnrud fra eigen gard?
Rett svar er: Mjølk, grønnsaker og kjøt
Vinnaren 6. desember er: Anja Hjelseth
Premien er ei Spekematgavepakke frå Brødrene Brubakken.
Spørsmål i quiz 6. desember var:
Kvar er den mest ettertrakta julematvaren frå Brødrene Brubakken?
Rett svar er: Heimelaga hodesylte
Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.
I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud Hotell, Lindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.