Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om flått-seminar i Molde.

Flått-seminar i Molde. Er gåta løyst?

Flåtten kan overføre sjukdomsframkallande bakteriar til dyr og menneske.  Flåttborne sjukdomar er eit stort humanmedisinsk problem, og ei  alvorleg utfordring for beitenæringa. Fredag 20.03.2015 blir det arrangert avslutningsseminar i forskningsprosjektet Tickless i Molde.

Flått.
Flått. Foto: Arnold Hoddevik

Gjennom prosjektet Tickless har Bioforsk dei siste fire åra arbeidd for å finne ut av dei opne spørsmåla rundt flått generelt og flåttborne sjukdomar i eit veterinærmedisinsk perspektiv.  Kvar trivst flåtten best? Kan vi gjere noko for å kontrollere flåtten? Og ikkje minst - kan vi gjere noko for å redusere problemet med sjukdom som flåtten påfører menneske og dyr? Dette er spørsmål som forskarane i prosjektet TICKLESS har spurt seg. Fredag 20. mars blir det arrangert avslutningsseminar.  

Prosjektet har gått over fire år. Både nasjonale og internasjonale forskarar har jobba i prosjektet. Dei har blant anna sett på om det går å avle for meir robuste dyr. Forskarane har også sett på muligheita for å kontrollere flåtten ved hjelp av naturlige fiendar, og kva som påvirkar mengda av flått i naturen.

Resultat frå prosjektet viser at både klima- og vegetasjonsfaktorar påvirkar flåttpopulasjonen, og dermed tal flått som bit seg fast på sauen.  Sauen får meir flått på seg dersom beitet har mange tre som gir skygge og dersom beitet er omgitt av skog. I utmarka ser vi også at der det beiter sau, er det mindre flått sammenlikna med der det ikkje beiter sau. Endringar i beiting er derfor ein faktor som påvirkar mengda av flått. Meir om kva som er gjort og resultat blir presentert på møtet.

- Nokre svar har vi fått, men det er fortsatt spørsmål som er ubesvart, seier Lise Grøva ved Bioforsk, som har vært prosjektleiar for dette omfattande prosjektet. Seminaret er ope for alle interesserte.

Bildet viser innsamling av flått for prøvetaking. Eit lyst klede blir sveipa over vegetasjonen, og flåtten fester seg på det lyse stoffet.
Innsamling av flått for prøvetaking. Eit lyst klede blir sveipa over vegetasjonen, og flåtten fester seg på det lyse stoffet. Foto: Hege Hammerstad Steigedal

Kontaktperson hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Ottar Longva, assisterande landbruksdirektør, tlf.: 71 25 84 02, ottar.longva@fylkesmannen.no

Prosjektleiar Lise Grøva, Tickless.
Prosjektleiar Lise Grøva, Tickless. Foto: Arnold Hoddevik

Grøn begeistring på Nordvestlandet  

«Hakallegarden» er heimen til «Marit og dyra», som er ein barne-tv-serie som har blitt ein suksess på NRK Super.  Serien blir synt kvar tysdag i februar og mars.  

Hakallegarden.
Hakallegarden. Foto: Hakallegarden

I serien ser vi at det er mange dyr og mykje styr på garden. Kyllingar, kattungar,  hundar, høner, hestar, alpakka, påfugl, geiter, miniatyrhestar og esel er nokre av dyra vi møter, som går fritt rundt på garden. Gardkjerringa Aina styrer heime med nettbutikk, kafé, turistar og marknadsføring, medan  småbrukaren Olav er utarbeidande farmasøyt, som drøymer om å gå heime å spade møkk,  stelle dyr og gardsreiskap.

«Hakallegarden» er ein besøksgard, som ligg særdeles fint til i naturen ut mot Vanylvsgapet innafor Stadhavet.  Garden har kafé og butikk på låven, overnatting i lavvo eller retro campingvogn, grindlløe for aktivitetar og servering. Ei flott sandstrand skil dei grøne markane  frå sjøen, og freistar til å springe ut i dei late bårene, som krusar mot sandstranda. Eit nytt strandhus er under oppføring av ein dugnadsgjeng, og vil gjere tilbodet på Hakallestranda enno meir komplett.

Aina gardkjerring og Olav farmasøyt og småbrukar mottok Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal i 2011 og «Publikumsprisen» som gjestens beste spisestad frå Norsk Ganefart i 2012. Då hadde dei mellom anna fått den kule «Gråtasshamburgaren» på menyen.

Publikum strøymer til den spanande og hyggelege besøksgarden frå nord og sør. No er pågangen enno større. «Marit og dyra» har sett ekstra fart i besøkstala og interessa for å kome.  Dette skjer trass i at bedriftsrettleiaren fortalte sjølvfolket før dei starta at: «Ingen vil betale ein femtilapp for å sjå på nokre saue».

I slutten av mars skal det arrangerast marknadsdag saman med bygdefolket på Hakallestranda. Då skal «Tor med Hammaren» burgeren lanserast

Kontaktperson hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Kirsti Pernille Indreeide, tlf.: 71 25 85 75, Kirsti.Pernille.Indreeide@fylkesmannen.no

Bygdenæringane på Hakallestranda har ei spanande framtid!
Bygdenæringane på Hakallestranda har ei spanande framtid! Foto: Arnold Hoddevik

Les meir hjå:

Stor interesse for skogbruksplanlegging i Møre og Romsdal

Etter nokre år med liten aktivitet er det no stor interesse for kartlegging av skogressursane i fylket. Ein skogbruksplan med miljøregisteringar er eit godt verkty for aktiv forvaltning av skogen. Etter 1. januar 2016 får skogeigarane ikkje selt tømmer frå skog der det ikkje er gjennomført mijøregistreringar. Dette er krav frå sertifiseringsordninga til tømmerkjøparane.

Granskog.
Granskog. Foto: Arnold Hoddevik

Fem kommunar i fylket har gjort avtale med takstselskap om gjennomføring av skogbruksplanlegging det siste året. Det er eit fellesprosjekt mellom kommunane Sykkylven, Norddal og Stranda, samt eigne prosjekt i kommunane Sunndal og Tingvoll. Tingvoll kommune har kome lengst i prosessen og har klart å få bestillingar på 96 prosent av det produktive skogarealet. Takstutvalet i kommunen har gjort ein formidabel innsats med tanke på sal og informasjon.  Skogeigarane i Tingvoll vil få levert planane hausten 2015. Leverandøren vil følgje opp med kurs til skogeigarane om bruk av skogbruksplan. Nye skogbruksplaner initierer oftast auka aktivitet og interesse for skogbruk.

To kommunar på Nordmøre er med i eit stort fellesprosjekt saman med fire kommunar i Sør-Trøndelag. Her har det vore gjennomført eit grundig forarbeid, og takstselskap vert no kontakta for informasjon og tilbod. Eit så stort prosjekt er krevjande, men samarbeidet gir klare «stordriftsfordeler», ved at alle ikkje treng gjere alt. Vidare er ein kommune til i gang med forprosjekt i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fekk løyvd 3,75 millionar kroner  til skogbruksplanlegging i år. Det offentlege har også stor nytte av ressursoversiktene, og støtter normalt skogbruksplanarbeidet med rundt 50 prosent tilskot. Kostnaden til skogeigar varierer etter storleik på eigedom og eventuelle tilleggsregistreringar. Etter tilskot ligg kostnaden til skogeigar i dag mellom 10-12 kroner per dekar. Denne eigenandelen kan dekkjast med skogfond. 

Kontaktperson hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Odd Løset, fylkesskogmeister, tlf.: 71 25 84 08, odd.loset@fylkesmannen.no

Les meir hjå:

Fruktbart samarbeid innan rådgjeving

Kva skjer når to ulike organisasjonar innan rådgjeving startar å samarbeide om å gje råd til bøndene? Dette var ei interessant problemstilling då Fylkesmannen i Møre og Romsdal bidrog til eit samarbeid mellom Landbruk Nordvest og Tine rådgjeving.

Ei gruppe «Best-på-fôr-bønder» på studietur.
Ei gruppe «Best-på-fôr-bønder» på studietur. Foto: Gunn Randi Fossland

Det er skrive om prosjektet Best på fôr i Fylkesnytt i 2013, men no er den andre gruppa på 15 deltakarar godt i gang, og nokre signal har begynt å sive ut. Det er ikkje trekt noko konklusjonar, sjølvsagt.

«Best på fôr» er et grovfôrprosjekt. Fokus for dei femten deltakarane i prosjektet er betre og billigare grovfôr tilpassa produksjonen på eige føretak, altså fokus på individuelle løysingar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Landbruk Nordvest, Norsk Landbruksrådgjeving Sunnmøre og TINE. Ein teori bak å få i stand eit slikt samarbeid mellom husdyrfag og plantefag var å kunne få til meir samordna og målretta rådgjeving. Dei involverte organisasjonane har kvar sine måtar å arbeide på. Dette skaper nokre utfordringar, men er også til gjensidig nytte, og samarbeidet mellom dei to har vore svært godt. Begge kan dra lærdom av den andre sine metodar og rutiner.

Kva brukarane seier
Enkelte av dei som har vore med i prosjektet så langt, har blitt svært positive. Utsegner som, «Kvifor har vi ikkje gjort dette før?» har kome frå fleire. Rådgjevinga blir meir eintydig og målretta og meir heilskapleg. Rådgjevarane trekkjer meir i same retning. To rådgjevarar som besøkjer bruket samtidig utfyller kvarandre, tek meir omsyn til kvarandre sine faglege råd.

Føretaka som deltek i prosjektet får fleire besøk av rådgjevingsteamet. Det er alltid to rådgjevarar i lag, ein frå Tine og ein frå landbruksrådgjevinga.

Kontaktperson hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Magna Torvund Bergem, seniorrådgivar, magna.torvund.bergem@fylkesmannen.no

Satsing på auka bærproduksjon i Møre og Romsdal

Valldal Grønt A/S har i samarbeid med rådgivingsorganisasjonen Landbruk Nordvest starta eit prosjekt, der målsettinga er å doble produksjonen av bær i Møre og Romsdal. 

Frå Informasjonsmøtet på Åndalsnes i Rauma.
Frå Informasjonsmøtet på Åndalsnes i Rauma. Foto: Jon Geirmund Lied

Bakgrunnen for å sette i gang dette prosjektarbeidet er at det er stor mangel på norske jordbær. Særskilt er det høve til å auke produksjonen av industribær. Valldal Grønt er mottaksanlegg for industribær, og har truleg det mest moderne anlegget i landet for singelfrysing av jordbær. Bærmiljøet i Valldal produserer om lag 50% av det totale volumet av norske industrijordbær. 

Det skal i første omgang gjennomførast eit forprosjekt, for å avklare om det i nabobygdene til Valldal er bønder som vurderer å starte med jordbær eller bringebærproduksjon. I tillegg skal det avklarast om det hos eksisterande produsentar er flaskehalsar som hindrar utviding av produksjonen hos desse. 

Dersom det er stor interesse for å starte opp eller utvide produksjonen, er målsettinga å sette i gang eit hovudprosjekt, der vi m.a. ser for oss at nyoppstarta bærprodusentar kan få tilbod om tett individuell oppfølging over 3-4 år. Også eksisterande produsentar vil få tilbod om tettare oppfølging.   

Til no er det gjennomført 6 informasjonsmøte i nabobygdene til Valldal, der tilsaman 36 interesserte gardbrukarar møtte. 

Forprosjektet skal avsluttast i løpet av april 2015. 

Forprosjektet er delfinansiert med BU midlar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 

Kontaktperson hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Magna Torvund Bergem, seniorrådgivar,  magna.torvund.bergem@fylkesmannen.no.

Norsk mat på bordet?

Næringskonferanse for heile landbruket i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen samarbeider med begge faglaga om ein årleg næringspolitisk konferanse. For 2015 gjekk konferansen den 6. mars i Molde, og samla rundt 200 deltakarar. 

Landbruksdirektør Anne Berit Løset opnar konferansen Norsk Mat på bordet?
Landbruksdirektør Anne Berit Løset opnar konferansen Norsk Mat på bordet? Foto: Arnold Hoddevik

Konferansen er eit viktig treffpunkt for næring og næringspolitikk, der presse og politikarar kan møte næring og forvaltning.

Fire produsentar bidrog med sine perspektiv. Frå v. Jorunn Kvernen, Jarle Hole, Kjersti Fløystad Ellingsgård og Vegard Smenes.
Fire produsentar bidrog med sine perspektiv. Frå v. Jorunn Kvernen, Jarle Hole, Kjersti Fløystad Ellingsgård og Vegard Smenes. Foto: Arnold Hoddevik

Tilbodet av kurs og konferansar har etter kvart blitt stort, og aktørane står ofte i innbyrdes konkurranse.  Ved å samarbeide og satse på kvalitet, får alle partar meir igjen for innsatsen.  Faglaga arrangerer årsmøta sine i tilknyting til arrangementet, det regionale tiltaksapparatet (Hoppid.no) har fagseminar dagen før, og det heile startar med skogdag før hoppid-samlinga.  Dette opplegget har gått seg til, og ambisjonen er å gjere dette til ein fast årleg tradisjon.  

Hovudtema på konferansen i år var norsk mat- og matpolitikk, og konsekvensar av ulike vegval i mjølkeproduksjonen. 

Kontaktpersonar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Synnøve Valle, fagkoordinator, tlf.: 71 25 84 73, synnove.valle@fylkesmannen.no.

Frå v. Per Skorge, Norges Bondelag, Merete Furuberg, Norsk bonde- og småbrukarlag og Nina Sundquist, Matmerk innleia. Aasmund Nordstoga batt heile konferansen saman på mesterleg vis.
Frå v. Per Skorge, Norges Bondelag, Merete Furuberg, Norsk bonde- og småbrukarlag og Nina Sundquist, Matmerk innleia. Aasmund Nordstoga batt heile konferansen saman på mesterleg vis. Foto: Arnold Hoddevik

Inn på Tunet-nettverk fyller eitt år 

Det første året i nettverket «Inn på tunet Møre og Romsdal» er straks omme – eit aktivt og utfordrande år med mange aktivitetar.

Deltakar på skipingsmøtet i Stordal i mars 2014.
Deltakar på skipingsmøtet i Stordal i mars 2014. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Det er no eitt år sidan organisasjonen hadde sitt stiftingsmøte i Stordal på Sunnmøre. Dette året har organisasjonen brukt mykje tid på å skaffe seg finansiering får å utvikle organisasjonen. Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Fylkesmannen har støtta prosjektet til ulike utviklingstiltak. Styret har arbeidd aktivt heile året, og nyttar Skype som hjelpemiddel for å arrangere effektive styremøte om kvelden.  Organisasjonen har arrangert samling med prisfastsetjing, kalkulasjon og  offentlege anbod som tema.

Organisasjonen arrangerer sitt første ordinære årsmøte fredag 20. mars 2015 på Trædal hotell i Sunndal på Nordmøre. Solveig Haglund frå Surnadal har vore leiar dette året.

Årsmøtet blir arrangert i tilknytning til ei nettverkssamling som skal gå over to dagar, fredag og laurdag same helga. Nettverkssamlinga ligg det og ein  lokal studietur der to inn på tunet bønder blir besøkt og kjøparsida som er to kommunar vil halde innlegg på begge bruka som blir besøkt. I samlinga elles vil strategiske val for organisasjonen vere sentralt. Kva skal prioriterast komande år?

Kontaktperson hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Aud Lindset Drågen, Rådgivar, tlf.: 71 25 85 73, aud.lindset.draagen@fylkesmannen.no.

Gjødslar gjennom tilførselsslange 

I Haram kommune har det nye regionale miljøprogrammet inspirert til kreative løysingar for spreiing av husdyrgjødsel. Eit firma har investert i utstyr for spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslangar, og tek på seg oppdrag i distriktet.

Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslangar i Skodje.
Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslangar i Skodje. Foto: Arnold Hoddevik

På Flemsøya i Haram vart det gjort eit viktig grep, i det husdyrgjødsla vart spreidd på den jorda som låg nærast gjødsellageret, uavhengig av kven som eigde gjødsla. Spreiinga vart dermed langt meir effektiv, det vart mindre transport og flytting av utstyr og lågare kostnader. 

Omlegginga til meir miljøvennleg bruk av husdyrgjødsla held fram i år. I 2013 var det utbetalt tilskot til 109.670 dekar spreiing i vår/vekstsesongen, her av  8.749 dekar spreidd med tilførselsslangar. I 2014 er det vesentleg auke på begge tiltaka. Det er søkt om tilskot til spreiing i vår/vekstsesongen på i alt 149.155 dekar, her av 18.421 dekar spreidd med tilførselsslangar. Dette er førebelse tal, sidan saksbehandlinga går føre seg i desse dagar. Tala viser likevel klar dreiing i retning av meir miljørett bruk av husdyrgjødsla. 

Gjennom spreieoppdraga er det vunne viktige erfaringar, m.a. desse: 

  • Dersom dei kan spreie samtidig for flest mogleg i same bygda, kan gjødsla spreiast på den jorda som er nærast lageret. Kostnadene blir mindre.
  • Flytting og utlegging av slangar må koordinerast med spreiinga. Det sparer tid.
  • Føraren av spreieutstyret må velje rett køyremønster, m.a. for å unngå snurr på tilførselsslangen.
  • Når gjødsla skal pumpast gjennom lange slangar, er det viktig at den er tynn nok.
  • Det er ofte nødvendig å tilsette vatn for å få gjødsla til å flyte, og det er viktig med god rørekapasitet.
  • Fleire plassar måtte det lagast nye opningar i til gjødsellageret, for å kunne røre heile lageret.
  • Bruk av tilførselsslange fører til mindre utslepp til luft, vesentleg mindre lukt, nesten ingen køyreskader og mindre jordpakking.

Det er investert i om lag to km 4″ og 5″ slange, pumpeutstyr, spreieagregat og røreutstyr, og firmaet spreidde våren 2014 om lag 17.000 kubikkmeter gjødsel. 

Kontaktperson hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Arnold Hoddevik, rådgivar, tlf.: 71 25 85 77, arnold.hoddevik@fylkesmannen.no

Samordna nettsatsing

Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

Om Fylkesmannen

Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir følgd opp. På vegne av fleire departement utfører Fylkesmannen ei rekkje forvaltningsoppgåver ovanfor kommunar og enkeltpersonar, er klageinstans og fører tilsyn.