Bygdemobilisering i Møre og Romsdal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 09.10.2015
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i mange år støtta lokalsamfunn som ønskjer å arbeide med bygdemobilisering. I 2015 har fire bygder fått tilskott til mobiliseringsarbeid i bygda si: Norddal i Norddal kommune, Sekken i Molde, Ålvundeid i Sunndal og Flemsøy/Skuløy i Haram.
Felles for desse bygdene er at dei har utfordringar med tenestetilbod som forsvinn, ungdom som flyttar ut, mangel på arbeidsplassar og ledige bustader. Samtidig har bygdene store fortrinn i form av dugnadskapasitet og vilje til å gjere noko sjølve med eigen situasjon. Aktivitetar som skal gjennomførast dei tre åra som prosjekta varer, er mellom anna arbeid med naturbasert næringsutvikling, etablering av nettsider, innføre fadderordning for innflyttarar, starte ungdomsklubb og starte nye trivselstiltak.