Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Kulturlandskapsprisen 2015 som er tildelt Arnfinn og Iris Westerås i Geiranger.

Kulturlandskapsprisen 2015 tildelt Arnfinn og Iris Westerås, Geiranger 

Westerås er eit utstillingsvindauge for kulturlandskapsarbeidet i Geiranger. Både tidlegare generasjonar og drivarane i dag har utført gards- og kulturlandskapsarbeidet på ein uvanleg pietetsfull måte som det står stor respekt av, både i og utanfor bygda. 

 

Høgt i bratte lier ligg garden Westerås med utsikt over Geiranger sentrum, fjorden i vest og Dalsnibba i søraust.
Høgt i bratte lier ligg garden Westerås med utsikt over Geiranger sentrum, fjorden i vest og Dalsnibba i søraust. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris  til grunneigarar eller lag som markerer seg på ein særs positiv måte i arbeidet med kulturlandskapet.  Arnfinn og Iris er verdige vinnarar av kulturlandskapsprisen i år, ein pris på 10.000 kr, eit kunstverk og diplom.  

Westerås, 320 m over havet,  ligg i randsona til Geiranger – Herdalen landskapsvernområde og innafor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. Garden er brattlendt og areala svært tungdrivne.  Utanom dei avtalar som er inngått om skjøtsel av areal og beiting i verdsarvsamanheng er det også inngått skjøtselsavtalar  for spesielle slåttemarker med eit stort biologisk mangfald. Arnfinn og Iris har vidareført  det store kulturlandskapsarbeidet som Per og Magnhild (foreldra til Arnfinn) har drive tidlegare. 

Dei gamle bygningane  på Westerås vert tekne godt vare på, og det er utvikla ny næring på garden .

Restaurant er bygd i den gamle låven og ny uteplass i tilknytning til den er nettopp ferdig. Kjøkkenet på låverestauranten skorar høgt m.o.t  kundetilfredsheit.  Utleige av hytter og leilegheiter i sommarsesongen er populært. Utsikta over bygda og fjorden er mektig og Westerås er eit populært utgangspunkt for mange turar. 

Arnfinn og Iris gjer eit viktig arbeid med kunnskapsformidling. Dette gjeld både i TV- og radioprogram, intervju og oppslag i aviser og tidsskrift, og ikkje minst i direkte kontakt med gjester  på garden. Det er svært viktig å setje fokus på kva for arbeid og innsats som ligg bak det å halde kulturlandskapet i eit så utfordrande terreng i god hevd. 

Tre generasjonar Westerås, Arnfinn, Iris Marit, Andreas, Magnhild Kari og Per Harald.
Tre generasjonar Westerås, Arnfinn, Iris Marit, Andreas, Magnhild Kari og Per Harald. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Eigarane er også opptekne av miljøverdiar og det vert no arbeidd med å få sett opp ladestasjon for el-bilar på parkeringsplassen. 

Landbruksdirektør Anne Berit Løset delte ut prisen under opninga av Dyregod-dagene i Gjemnes. I takketalen la Westeråsfamilien vekt på godt samarbeid med turistnæringa i Geiranger, Verdsarvsenteret, kommunen og fylkesmannen. 

Arnfinn Westerås er populær blant dyra sine.
Arnfinn Westerås er populær blant dyra sine. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Mjølkeprodusentar diskuterer framtida

Kan vi auke potensialet for mjølkeproduksjon i Møre og Romsdal? Korleis stimulere til fornuftige framtidsdiskusjonar på mjølkebruka? Gjennom mange år har Tine arbeidd med desse spørsmåla rundt om i Møre og Romsdal. I år og neste år vert det spesielt arbeidd mot produsentar i Volda, Ørsta, Molde og Rauma.

Utfordringane som mange mjølkeprodusentar står overfor, er mellom anna manglande rekruttering, behov for modernisering av driftsapparatet og uttynning av fagmiljøet.

Framtidig mjølkeprodusent?
Framtidig mjølkeprodusent? Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

I to avslutta prosjekt (2007-2014), som omfatta kommunane Averøy, Gjemnes, Sunndal, Aure, Halsa, Surnadal og Rindal på Nordmøre fekk alle mjølkeprodusentane tilbod om eit besøk på garden, der målet var å diskutere vidare utvikling av garden. Mange av produsentane ønskte å gå vidare med ein strategisamtale og ytterlegare rådgjeving. Ved å satse kommune for kommune, kan ein jobbe saman med heile det lokale produsentmiljøet, og få ein «smitteeffekt» ved at fleire satsar samtidig. På Sunnmøre er det i same perioden gitt ekstra merksemd og hjelp til dei bøndene som er i ein tenke- og vurderingsfase, uavhengig av kommune.

Erfaringane av prosjekta, som er gjennomførte til no, viser at mange får nyttig hjelp til å diskutere framtida for bruket sitt, og at det fører til auka investeringslyst i fleire bygder. 

Korleis kan gode måltidsopplevingar skape betre trivsel og helse på folk på institusjon?

Statsråd Sylvi Listhaug brenn for at eldre på institusjon skal få betre mat og betre tilpassa mar. Maten må tilpassast den enkelte bebuar, og måltida bør serverast smakfullt og innbydande, slik at dei eldre får matlyst og matglede. Måltida er høgde punkt for mange eldre.

Statsråd Sylvi Listhaug opnar inspirasjonsdag for Gylne Måltidsøyeblikk i Ålesund.
Statsråd Sylvi Listhaug opnar inspirasjonsdag for Gylne Måltidsøyeblikk i Ålesund. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Dette var budskapet, då statsråden opna inspirasjonsdagen for Gylne måltidsøyeblikk under matfestivalen i Ålesund tidlegare i haust. Ho har sjølv arbeidd ved Ørskog sjukeheim, og hugsar attende til mange gode minne med stor glede. Salen på Klippfiskakademiet var full av supermotiverte folk, som var klare til å ta imot inspirasjon og kunnskap for å betre måltidsopplevingar for sine bebuarar.

Gjennom satsinga «Gylne måltidsøyeblikk» inviterte statsråd Sylvi Listhaug tidlegare i år alle sjuke- og aldersinstitusjonar til å delta i ein konkurranse, for å løfte fram dei hyggelege måltidsstundene. Målet er at tiltaket skal auke medvitet om maten og kva måltida har å seie for eldre, at måltid for eldre på institusjonar skal tilpassast, slik at dei gir matglede og matlyst.

Fru Timian (Marit Røttingsnes Westlie) var brennande engasjert, og heldt eit inspirerande føredrag om kva som skaper gode måltidsopplevingar og korleis tilpassing kan skje i praksis. Atmosfæra, smaken, framlegginga, bordet, pådekkinga, korleis det er pynta, spesiell tilpassing til behova til den enkelte er nokre viktige element i måltidsopplevinga.

Fru Timian (Marit Røttingsnes Westlie) engasjert og inspirerande.
Fru Timian (Marit Røttingsnes Westlie) engasjert og inspirerande. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Måltidsopplevinga startar allereie med tillaginga av maten, gjerne ved at matlukt siv inn til dei som skal ha maten. Då startar sansane å innstille seg på måltidet, den gode lukta av ulike ingrediensar set sansane i sving og er med å gi matlyst. Tilberedninga på fat og tallerken, slik at måltidet ser delikat ut, er også viktig for matgleda. Har kokken smakt på maten, slik at den er passe salt og passe krydra? Smaken er viktig, men pådekkinga og bordpynten skaper atmosfære og trivsel. Det skal ikkje så mykje til, ofte berre nokre enkle grep, så blir det skapt harmoni og trivsel.

Harald Osa frå Bama trekte m.a. fram kor viktig det er å tenkje på samansettinga av ingrediensar, for å hindre at bebuarar blir underernærte. Berre små variasjonar av ingrediensar kan endre mykje på ernæringsverdien til måltidet, utan at kostar meir av den grunn. Det skal berre litt omtanke til.

Inspirasjonsdagen vart arrangert i samarbeid med Klippfiskademiet og Den Norske Matfestivalen i Ålesund.

I satsinga «Gylne måltidsøyeblikk» inngår ein konkurranse om å skape det beste måltidsopplevingane. Konkurransen er eit ledd i Regjeringa sitt arbeid med å betre matomsorga på alle norske sjuke- og aldersheimar. Institusjonane i fylket har no sendt inn sine bidrag til Fylkesmannen, og ein vinnar blir kåra i nær framtid. Fylkesvinnaren går vidare til ein landsfinale. Både fylkesvinnaren og finalevinnaren vil få heider og ære.

Bygdemobilisering: Om å løfte seg sjølv etter håret

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i mange år støtta lokalsamfunn som ønskjer å arbeide med bygdemobilisering. Målet med slik mobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivst og ungdom finn ei attraktiv framtid.

Bygdemobliseringsarbeid på Ålvundeid i Sunndal kommune.
Bygdemobliseringsarbeid på Ålvundeid i Sunndal kommune. Foto: Utlånt frå Ålundeid

I 2015 har fire bygder fått tilskott til mobiliseringsarbeid i bygda si: Norddal i Norddal kommune, Sekken i Molde, Ålvundeid i Sunndal og Flemsøy/Skuløy i Haram. Felles for desse bygdene er at dei har utfordringar med tenestetilbod som forsvinn, ungdom som flyttar ut, mangel på arbeidsplassar og ledige bustader. Samtidig har bygdene store fortrinn i form av dugnadskapasitet og vilje til å gjere noko sjølve med eigen situasjon. Aktivitetar som skal gjennomførast dei tre åra som prosjekta varer, er mellom anna arbeid med naturbasert næringsutvikling, etablering av nettsider, innføre fadderordning for innflyttarar, starte ungdomsklubb og starte nye trivselstiltak.

Erfaringane viser at bygdemobilisering fungerer godt, og vekkjer lokalt engasjement og handlekraft. Dette er dugnadsprosjekt der ein får mykje utvikling for lite pengar og der bygdefolket sjølve styrer prosessen. Fylkesmannen kan vise til at bygdesamfunn som samarbeider tett med kommunen ofte får betre resultat av prosjekta sine: Konkrete tiltak vert forankra i kommunale planar, kommunen får ein lokal diskusjonspartnar og kommunepolitikarane vert engasjerte.

Håp om konglesanking i år

Skogfrøverket har i sin sankeplan lagt opp til at vi skal sanke 150 sekker grankongler frå dei indre delane av vårt fylke i år. Det er lenge sidan forrige blomstring på gran, og det er derfor behov for meir frø for å få nye granplanter. Den fine sommeren i fjor ga forventning om blomstring på skogstrea i år. Det har vist seg delvis å slå til. Sommaren i år var fuktig, og det kan vere kritisk i perioden for bestøving. Det er no sendt inn kongleprøver frå to kommunar, Norddal og Tingvoll, for undersøkjing hjå Skogfrøverket.  Skadeinsekter og sopp er også usikre faktorar. Vidare vert spireevne og frøutbytte undersøkt. Resultata vil vere avgjerande for om det vert sett igong sanking. Grankonglene sit høgt, så sanking vil skje i samband med slutthogst.   

Granblomstring.
Granblomstring. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Les mer på nettsidene:

Trufaste og interesserte veteranar!

Første tysdag i kvar månad samlast tidlegare tilsette ved landbruksavdelinga hos  fylkesmannen på fylkeshuset for fagleg oppdatering.  Dei kallar seg ikkje pensjonistar, men veteranar.  Interessa for det som skjer i landbruket er framleis stor, og dei tek opp ulike tema for kvart møte.  Eit lite foredrag frå tilsette i dag om prosjekt som er på gang, nytt regelverk eller omorganiseringar skaper lett diskusjon.  Dei likar å kome med erfaringar, korrigeringar og kva som no bør gjerast.  I tillegg til møta arrangerer dei også ein fagtur, positivt og interessant.  Liknande opplegg burde det vere i alle fylke.

Frå venstre: Ottar Befring, Arne Hollingsæter, Torill Sandnes, Gustav Holmen, Roald Øygard, Gunnar Elnan og Harald Nymoen.
Frå venstre: Ottar Befring, Arne Hollingsæter, Torill Sandnes, Gustav Holmen, Roald Øygard, Gunnar Elnan og Harald Nymoen. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal