Skriftleg svar til Stortinget frå landbruks- og matministeren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 08.10.2015
Gjennom spørsmål til regjeringa sine medlemmar har stortingsrepresentantane mogelegheit til å få informasjon om bestemte saker og kartlegge regjeringa sine holdningar til aktuelle politiske spørsmål. Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har svart på spørsmål frå representant Geir Pollestad (Sp) om "Lov om god handelsskikk", og frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen om praktisering av priskontrollen for landbrukseigendommar.
- Les heile svarbrevet frå landbruks- og matministeren til Pollestad
- Les heile svarbrevet frå landbruks- og matministeren til Kontroll- og konstitusjonskomiteen
Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og er ikkje gjenstand for debatt i Stortinget. Statsråden som spørsmålet er retta til, skal innan seks virkedagar gje eit skriftleg svar til stortingsrepresentanten som har stilt spørsmålet.