Julekalender: Meir nedbør gjev utfordringar i jordbruket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 06.12.2016
Ny forsking viser at bøndene må rekne med enda meir intens nedbør som vil skape utfordringar for jordbruket.
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) kontrollerer representative nedbørfelt med omsyn til klima, jordsmonn og driftspraksis i dei viktigaste jordbruksområda i landet. Nye tall frå JOVA-programmet (Program for jord- og vannovervåking i landbruket) viser at nedbørmengda på Østlandet har auka i sommarmånadene. Forskarane i NIBIO peikar på at meir nedbør kan gje tap av jord og næringsstoff frå jordbruksareal. Samtidig vil tunge landbruksmaskinar som køyrar på våt jord eller utsatt så- og haustetidspunkt føre til tap av avlingar. I tillegg kan vanskelege køyretilhøve gjere det utfordrande å nedkjempe soppsjukdomar og ugras, fordi bøndene ikkje får gjennomført naudsynte tiltak til rett tid.
– Norsk landbruk er avhengig av forsking og utvikling for å auke matproduksjonen, gje betre lønsemd til bonden og høg effektivitet over heile landet. Noreg har sterke forskingsmiljø som stadig gjev ny kunnskap og legg difor eit viktig grunnlag for å auke konkurransekrafta og handtere utfordringar i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
JOVA-programmet har sidan 1992 dokumentert effektar av jordbrukspraksis og tiltak på avrenning og kvaliteten på vatnet i Noreg. Informasjonen gjev nye moglegheiter til å sjå korleis klimaendringane påverkar jordbruket. Informasjonsinnhentinga viser mellom anna at den norske bonden får færre tørre dagar til jordarbeiding i framtida, men og at varmare temperaturar aukar vekstsesongen med 1-2 månader lenger.