Antibiotikaresistens opp til diskusjon i Amsterdam
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 09.02.2016
Utfordringar knytt til antibiotikaresistens må løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Temaet står dirfor høgt på dagsorden når vi møter representantar frå andre land i ulike internasjonale fora. Dei er mektig imponert både over status i Noreg og våre ambisiøse mål.
I desse dagar deltek Noreg i ein stor konferanse i Amsterdam der formannskapslandet i EU, Nederland, samlar landbruks- og matministerane og helseministerane for å drøfte felles utfordringar for menneske og dyr. Frå Landbruks- og matdepartementet møter statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal.
Sentrale tema frå dyrehelsesida er:
- strengare restriksjonar mot bruk av antibiotikum i rutinemessig sjukdomsførebyggjing,
- forbod mot bruk av antibiotikum som vekstfremmar,
- reservasjon av enkelte antibiotikum til menneske og
- forbod mot at veterinærar skal tene pengar på å selje antibiotikum.