Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 1/2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om regional FoU-satsing for landbruk og mat.

Regional FoU-satsing for landbruk og mat

Landbruksorganisasjonene i vest satser på forskning og utvikling på særskilte utfordringar og moglegheiter i verdikjeda for landbruk og mat. 

Ungdyr på beite.
Ungdyr på beite. Foto: Øyvind Vatshelle, FMLA

Etter modell frå Midt-Noreg har Samarbeidsrådet for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane initiert prosjektet «Grøn FoU Vest», med støtte frå Hordaland fylkeskommune og Fylkesmennene. Prosjektet skal bidra til styrking av konkurransekrafta i landbruket sine verdikjeder, og skal gå over ein periode på to år. 

Grøn økonomi

Landbruk er eit hovudinstrument i det grøne skiftet, og nytting av råstoff frå sektoren er avgjerande for å bygge ein grøn økonomi. I Vestlandsfylka Hordaland og Sogn og Fjordane er primærlandbruket og næringsmiddelindustrien viktige sysselsetjarar. Likevel er regionen underrepresentert kva gjeld utløysing av offentlige forskningskroner innan brukarretta forskingsprogram knytt til landbruksnæringen og industrien. Den nytilsette prosjektleiaren skal jobbe mot fleire næringsinitierte og næringsretta forskingsprosjekt basert på utfordringar og problemstillingar knytt til det vestnorske landbruket og verdikjedene rundt det. 

Særskilte utfordringar

Vestlandet har klima og topografi som gjer landbruk i regionen utfordrende sett i forhold til dagens landbrukspolitikk. Den grøne næringa får i tillegg avgrenset politisk merksemd regionalt, som næring og som produksjons- og utviklingsarena. Landbruket i vest er assosiert med små produksjonseiningar, låg lønsemd og lite mangfald- og utviklingspotensiale. Grøn FoU Vest tar sikte på å motverke negative trendar i det vestnorske landbruket gjennom å synleggjere kompetanse, ny teknologi og kunnskapsproduksjon. Bedrifter og produksjonsmiljø skal få hjelp til betre å arbeide fram aktuell problematikk og nytte forsking og utviklingsarbeid til auka verdiskaping. 

Verdikjedetenking

Enkelte område av landbruket, som td. grovfôrproduksjonen, dreier seg om interne tema innan eit produksjonsledd, medan andre område, som skog og trevirke, har ei lengre verdikjede som inkluderer foredling, sal og vidare bruk. Verdikjedetenking frå innsatsfaktorar og produksjon til foredling, distribusjon og sal er viktig for å identifisere flaskehalsar og vise og auke økonomien knytt til landbruksnæringa. Næringsmiddelindustrien er ein viktig og relevant industri og bør sjåast saman med alle område innanfor landbruksproduksjonen.

Kontaktperson:
Eirik Brynjelsen fmhoebs@fylkesmannen.no Tlf: 55 57 21 70. 

Oljekrisa gir auka investeringar i landbruket

Investeringsviljen og dermed struktureringspotensialet i landbruket i Hordaland er no større enn der er midlar til å løyse ut. Endringar i arbeidsmarknaden grunna låg oljepris gir auka interesse for å satsa heime, i landbruket som elles.

Discovery eple.
Discovery eple. Foto: Frøydis Linden/FMHO

Førebelse tal frå Innovasjon Noreg Hordaland viser at det i 2015 vart gitt tilskot på over 33 millionar kroner, lån på 30 millionar og rentestøtte til lån på over 70 millionar kroner til bortimot 120 gardsbruk i fylket. I tillegg løyvde Fylkesmannens landbruksavdeling omlag 4,7 millionar til utviklings- og tilretteleggingsprosjekt (UTM) innan landbruk og tilknytte næringar. 

Særleg innan det tradisjonelle landbruket har interessa vore stor og investeringstakten god. Med bakgrunn i naturgjevne tilhøve er kjøt- og mjølkeproduksjon basert på grovfor dei viktigaste og mest eigna formene for landbruk i fylket vårt. Kumjølkproduksjon og sauehald utgjer grunnstammen i Hordalandslandbruket, i tillegg til ei monaleg fruktnæring i delar av fylket.  

Søknadstans og -kø

Etterspurnaden etter IBU-midlar har som spådd vore sterkt aukande, i takt med synkande oljepris. Dette gjer ekstra moglegheiter for restrukturering og kompensasjon for fråfall, spesielt i dei to viktigaste husdyrproduksjonane, som me må nytta i så stor grad me har økonomisk handlingsrom til. Men sidan dette er avgrensa, måtte IN Hordaland allereie i juni stanse søknadsinngangen for desse produksjonane.

Dette har igjen ført til ei oppbygging av saker utover hausten 2015, som me no i 2016 ser allereie byrjar å fylle opp årets tilskotskvote for mjølk, trass monaleg skifte i prioritering frå sauehald til mjølkeproduksjon.  

Mindre mjølkebruk aukar mest

Innovasjon Noreg stør bedriftsretta tiltak med midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket, såkalla IBU-midlar. Dette femner både bruksutbyggingar innan tradisjonell landbruksproduksjon, og etablering og utvikling av nye, landbrukstilknytte næringar, til dømes innan matforedling og reiseliv.

I 2015 har dei i Hordaland løyvd 28 millionar i tilskot til 79 prosjekt innan tradisjonelt landbruk, mellom anna 12,7 millionar til 17 prosjekt på mjølk og storfekjøt, 8,4 millionar til 12 prosjekt på sau og 5,7 millionar til 44 prosjekt for investering i frukthagar.

Mjølkeprosjekta er planlagde med 60 prosent større byggekostnader og 50 prosent høgare produksjonsauke enn dei siste åra, og inneber med det tilsvarande monaleg tilskotsauke per prosjekt. Dette kjem nok både av at lausdriftkravet og den relative attraktiviteten til landbruket gjer at vi no får løfta også mindre bruk til dei same storleikane, noko som gjer noko høgare byggekostnader (snitt kr. 13,3/l mot under 10 dei siste åra). 

Større prosjekt på sau

I Hordaland har det vore ekstra høve til å prioritere lammekjøttproduksjonen dei siste åra, med opp mot ei dobling av talet på prosjekt, som til vanleg ligg på 8-9. Talet på prosjekt har gått noko ned i 2015, men dei har vore langt større enn tidlegare, med planlagd snitt i produksjonsauke på 245 vfs, mot tidlegare 100-150 vfs. Saman med mindre utgangspunkt gjer det at planlagd produksjonsauke har stige frå normalt knappe 100 prosent til 200 prosent per bruk. Prosjekta er med det vorte omtrent dobbelt så store som tidlegare år, over 2,5 millionar kroner, medan byggekostnaden per vfs er redusert frå over 1000 ned mot 800 kroner. Det er synd ei slik utvikling ikkje får halde fram no når motivasjonen er der, men både lønsemd og storleik på mjølkeproduksjonen krev prioritet. 

Totalt er planlagd produksjonsauke for fylket om lag 3 prosent før fråtrekk for avgang. Potensialet for 2016 burde vere like stort, men grunna behovet og potensialet i mjølkeproduksjonen samt ei viss fare for overproduksjon, blir sauehaldet diverre  prioritert kraftig ned i 2016, trass at interessa for å byggje stort truleg er like god som i fjor. Rein kjøtproduksjon av storfe havnar førebels mellom alle prioriteringar, og viser førebels avgrensa interesse også i næringa. 

Frukt normalisert på høgare nivå

Investeringstilskota på frukt er ned frå 9,5 mill i toppåret i 2014, då fylket dobla normalt investeringsnivå, men med 5,7 mill i tilskot i 2015 er det framleis god effekt av den store "Dyrk Smart"-satsinga, som dei siste åra har fått fart på aktiviteten i fruktnæringa i fylket. 

Auka matfokus i nye næringar

Innan bygdenæringar er det løyvd 39 tilskot for til saman kr. 5,3 millionar som er noko lågare enn dei siste åra. Men etterspurnaden er, moglegvis sterkt, aukande, tilsvarande etableringslysta i andre næringar og i takt med dei generelle endringane i arbeidsmarknaden her på Vestlandet. 

Ei naudsynt og sterk prioritering av mjølkeproduksjonen vil føre til at ein ikkje kan utløyse ei venteleg stor interesseauke for nye næringar i 2016. Matforedling sto for halvparten av  tilskotstotalen i 2015 og «bytte såleis plass» med reiselivet, som sto for vel ein tredel. I tillegg får ein fram fleire vekstbedrifter. Bergen sin nye medlemsskap i UNESCO Creative Cities Network i gastronomikategorien er venta å løyse ut aukande interesse frå publikum, matentreprenørar og reiseliv i åra framover. 

UTM

Frå utviklings- og tilretteleggingsmidlane er det i 2015 løyvd opp mot kr. 4,7 millionar i 58 saker, derunder ca. 4,25 millionar til 48 utviklings- og tilretteleggingsprosjekt og ca. 0,43 millionar til 10 prosjekt innanfor økologisk handlingsplan. Det har vore avkorting og avslag på nærare 2,8 millionar kr. i til saman 23 saker. Sjølv om total løyvingssum er relativt låg, har det vore mogleg å spreie løyvingane på breiare tematikk og fleire prosjekt enn på fleire år, av di større, tradisjonelle satsingar i stor grad har vore oppfinansiert frå 2014. 

72 prosent av løyvingssummane hadde relevans for tradisjonelt landbruk, det meste retta mot mjølkeproduksjon (29 prosent) og sauehald (20 prosent). 42 prosent av løyvingssummane hadde særskilt relevans for nye næringar, der lokal- og gardsmatområdet sto for over helvta (26 prosent).

Høvesvis 22 og 26 prosent av midlane vart løyvde til prosjekt med særskilt relevans for kvinner og ungdom, herunder rekna rekrutteringsaktivitetar og mange av prosjekta innanfor nye næringar. 

9 prosent av UTM-midlane vart løyvde til tiltak under økologisk handlingsplan. I all hovudsak vart desse løyvde til marknads- og publikumsretta tiltak primært mot den store Bergensmarknaden, som er den erklærte drivaren for lokal- og gardsmatarbeidet i fylket, herunder økologisk mat.

Kontaktperson:
Eirik Brynjelsen fmhoebs@fylkesmannen.no Tlf: 55 57 21 70. 

Mat i reiselivet - lønsamt samarbeid

Når lokalmatprodusentar og reiselivsaktørar går inn i forretningsmessig samarbeid vil begge vinna på det. UNESCO har tatt opp Bergen mellom sine kreative matbyar, det kjem stadig nye lokalmatprodusentar og lokal mat er ettertrakta. Slikt kan det bli lønsemd av!

Gründer Fia Gullikson frå UNESCO Creative City of Gastronomy Østersund - ein inspirerande samarbeidspartnar.
Gründer Fia Gullikson frå UNESCO Creative City of Gastronomy Østersund - ein inspirerande samarbeidspartnar. Foto: Ragna Flotve/FMHO

Å skapa større lønsemd ved samarbeid

Med utgangspunkt i konferansen «Mat i reiseliv» i oktober, der over hundre lokalmatprodusentar og reiselivsaktørar var samla til inspirasjon og speed-dating, samarbeider Fylkesmannen i Hordaland med NCE Tourism Fjord Norway i deira satsing «Lønnsom opplevelsesmat». Evalueringa frå konferansen syner at om lag førti prosent av deltakarane gjorde konkrete avtalar om samarbeid i løpet av arrangementet. Dette syner at møteplasser er viktig og inspirerer til vidare satsing. Prosjektet «Lønnsom opplevelsesmat» rettar seg mot dei fire vestlandsfylka, og skal medverka til auka lønsemd i reiselivet ved bruk av lokalmat. 

Mat som attraksjon

Reiselivsnæringa på Vestlandet har mange naturattraksjonar å visa fram, og mange verksemder har høg grad av profesjonalitet. Besøkjande gjev gode attendemeldingar, men innanfor matfeltet er det eit stort potensiale. Gjennom å skapa gode møteplassar, stimulera til fleire bedriftsnettverk og å betra infrastrukturen kan lokale smakar gje nye løft til reiselivet i Fjord-Norge. 

Fylkesmannen si rolle i arbeidet

Som utviklingsaktør og kompetansesenter meiner me det er viktig å delta aktivt i satsingar initiert av regionale og lokale organisasjonar.  Fylkesmannen kan bidra i dette arbeidet, mellom anna gjennom å etablera nettverk, styrka rettleiingstenesta og stimulera til samspel i lokalsamfunna.

Kontaktperson:
Ragna Flotve fmhorfl@fylkesmannen.no Tlf: 55 57 21 72.

Inn på tunet+

Pilotprosjektet Inn på tunet+ er godt i gang. Satsinga inneheld mentorhjelp og fagleg påfyll til Inn på tunet-bønder i Hordaland og Sogn og Fjordane. Prosjektet har vekt nasjonal interesse, og fleire fylke har vidareført konseptet.

Hanne Wetland i Innovasjon Noreg leia temaet forretningsmodellering.
Hanne Wetland i Innovasjon Noreg leia temaet forretningsmodellering. Foto: Ragna Flotve/FMHO

Påfyll og auka kompetanse

Tilbodet er for etablerte bedrifter med erfaring frå Inn på tunet-arbeid. Deltaking inkluderer om lag tretti timars rettleiing og fire samlingar. Innhaldet i samlingane er utvikla av arrangørane, i samspel med mentorane og deltakarane sjølve, og rommar tema innanfor økonomi, forretningsmodellering, produktutvikling, marknadsarbeid og motivasjonsarbeid. Innhaldet i rettleiinga skjer i samspel mellom kvar einskild verksemd og mentor. 

Samarbeid over fylkesgrensene

Inn på tunet+ er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen og Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og Hordaland. Inn på tunet – organisasjonane i dei to fylka har alt samarbeid på arrangementsida, og me ser at eit slikt fellesprosjekt er fruktbart både for næringa og for effektivt arbeid på regionalt nivå.

Kontaktperson:
Ragna Flotve fmhorfl@fylkesmannen.no Tlf: 55 57 21 72.