Oljekrisa gir auka investeringar i landbruket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 18.02.2016
Investeringsviljen og dermed struktureringspotensialet i landbruket i Hordaland er no større enn der er midlar til å løyse ut. Endringar i arbeidsmarknaden grunna låg oljepris gir auka interesse for å satsa heime, i landbruket som elles.
Førebelse tal frå Innovasjon Noreg Hordaland viser at det i 2015 vart gitt tilskot på over 33 millionar kroner, lån på 30 millionar og rentestøtte til lån på over 70 millionar kroner til bortimot 120 gardsbruk i fylket. I tillegg løyvde Fylkesmannens landbruksavdeling omlag 4,7 millionar til utviklings- og tilretteleggingsprosjekt (UTM) innan landbruk og tilknytte næringar.
Særleg innan det tradisjonelle landbruket har interessa vore stor og investeringstakten god. Med bakgrunn i naturgjevne tilhøve er kjøt- og mjølkeproduksjon basert på grovfor dei viktigaste og mest eigna formene for landbruk i fylket vårt. Kumjølkproduksjon og sauehald utgjer grunnstammen i Hordalandslandbruket, i tillegg til ei monaleg fruktnæring i delar av fylket.