Samefolkets dag 6. februar 2016 – helsing frå landbruks- og matminister Jon Georg Dale
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 06.02.2016
Samefolkets dag er ein stor dag der vi feirer samane og det samiske. Dette er også dagen for å feire den samiske reindrifta.
Eg er stolt over å vere minister for ei næring som er unik, både i nasjonal og internasjonal samanhang. Mitt mål som reindriftsminister er å føre ein politikk som utvikler og styrkjer reindrifta.
Denne verksemda er ein viktig del av ansvarsområdet mitt. Eg ser fram til å få meir kunnskap om næringa, og eg ser fram til å kome ut å treffe reindriftsutøvarane.
Reindrifta er ei familiebasert næring. Etter mi vurdering vil den familiebaserte drifta bli best ivareatt og utvikla ved at reindrifta har eit solid økonomisk utkomme. Eit økonomisk handlingsrom gir reindrifta samstundes fridom til å organisere eigen drift. Denne fridomen ønskjer eg å medverke til og leggje til rette for gjennom dei reindriftspolitiske verkemidla.
Ny stortingsmelding
Departementet er no i gang med ei ny stortingsmelding om reindriftspolitikken. Mitt mål er å fremje ei næringsretta melding, som tek for seg alle sider av næringa. Mellom anna vil samspelet mellom ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig næring bli nærare drøfta.
I arbeidet med meldinga har det allereie vore fleire møter og dialog med næringsutøvarane, Norske reindriftsamers Landsforbund (NRL) og Sametinget. Eg vil nytte høvet til å takke for alle de innspela vi har fått. I det vidare arbeidet vil det bli lagt opp til fortsatt tett kontakt med Sametinget og NRL.
Reintalet i delar av Finnmark
I media, og i møte mellom styresmaktene og næringa, er det reintalet delar av Finnmark som oftast vert debattert. Eg vil minne om at det nettopp er reindriftsnæringa sjølv som har den største interessa av å tilpasse seg beitegrunnlaget. Klarer ikkje reineigarane denne oppgåva, vil det vere dei sjølve som blir den største taparen.
Det er viktig å minne om at dei fleste områda ikkje har problem med for høge reintal. Det er gjort ein særs god jobb med å tilpasse reintalet. Dette kjem diverre for dårleg fram.
Innrapportert reintal per 1. april 2015 viste at siidaandelane i all hovudsak har følgt opp reduksjonsvedtaka. Reintalet i Finnmark er nå i hovudsak under fastsatt nivå. Dette viser at reindrifta har tatt ansvar for eiga framtid. Dei få som ikkje har redusert slik dei har fått pålegg om , blir no følgt opp av Reindriftsstyret, slik at vi kjem heilt i mål. Dette er ikkje minst viktig av omsyn til alle dei reineigarane som lojalt har tilpassa seg vedtaka i reindriftsstyret.
Tap av rein til rovvilt
Reindrifta har eit stort problem med tap av rein til rovvilt. I ein del distrikt går dette hardt utover produksjonsflokken. Dette er sjølvsagt ikkje ein akseptabel situasjon. Rovviltforliket frå sumaren 2011 ligg fast. Eg er nøgd med at rovviltforliket gir forvaltninga klar beskjed om at rovviltbestandane skal forvaltast ut i frå dei bestandsmåla som er bestemt. Miljøstyresmaktene har ansvaret både for å halde bestandane nede, og for at vi får ein effektiv skadefelling. Dette ansvaret må følgjast opp raskt og effektivt.
God marknad
Reindrifta er unik og har mange fortrinn. Etterspurnaden etter reinkjøt er god, og den aukar. Dette har ein positiv innverknad på produsentprisen. Det er interessant å merke seg at det er blant dei unge at forbruket av reinkjøt aukar mest.
Markedsutvalet sitt systematiske arbeid, kombinert med forbrukerinteresse for lokalmat og mat med historie, har medverka til den positive utviklinga. Det er viktig at bransjen brukar den gode marknadsssituasjonen til å utvikle levedyktige verksemder,bygd på eigen solid kunnskap og røynsle. Dette vil medverke til ei fortsatt livskraftig reindriftsnæring og til at fleire forbrukarar får glede av å smake kvalitetsprodukt av norsk reinsdyrkjøt.
Dagens situasjon gir gode høve til verdiauke. Eg er svært oppteken av at dette skal skje gjennom ein større produksjon av reinkjøt. Når reintalet nå i dei fleste områda er på eit berekraftig nivå, ligg det godt til rette for dette. Når vi nyttar dette høvet, vil det videreutvikle ei næring som er viktig for heile Noreg.
Gratulerer med dagen!