Møte om situasjonen i delar av jordbærnæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 18.07.2016
Ein del jordbærdyrkarar, spesielt i Agder, har i sommar fått sterkt reduserte avlingar på grunn av angrep av soppsjukdommen gråskimmel. Norges Bondelag og Agder Bær og Grønt AS har bede om møte med politisk leiing i Landbruks- og matdepartementet. Statssekretær Terje Halleland i Landbruks- og matdepartementet har i dag møtt representantar frå Bondelaget og Agder Bær og Grønt.
– På møtet i dag har eg fått ei orientering om situasjonen, som er vanskeleg for fleire jordbærprodusentar, seier statssekretær Terje Halleland. – Slik skade og reduksjon av avling som ein del jordbærdyrkarar i Agder har hatt i sommar, er ein risiko alle som driv med landbruk er utsett for. Avlingane kan variere mykje frå år til år, avhengig av vér- og veksttilhøve, seier statssekretær Terje Halleland.
– Det er erstatningsordningar gjennom jordbruksavtalen dersom avlinger blir øydelagt av klimaskader, men slike skader som ein del jordbær-bønder nå opplever kjem ikkje inn under desse ordningane. Bøndene har sjølve vore med på å utforme desse ordningane, seier Halleland. – Norges Bondelag ønskjer ikkje å gjere om på den inngåtte jordbruksavtalen. Jordbruksorganisasjonane har høve til å ta opp desse ordningane i dei årlege jordbruksforhandlingane i, seier Halleland.
For all plantedyrking vil problem med sjukdom og skadedyr variere med vér- og veksttilhøve, dyrkingsteknikk, sortsval osv. – Det blir gjort eit stort offentleg arbeid med forsking, utvikling og rettleiing for bøndene, seier Halleland. – Det kan vere eit problem at plantevernmiddel får dårlegare effekt mot gråskimmel-sopp, at det blir utvikla resistens mot dei sprøytemidla bøndene bruker. Det følgjer vi tett, og vil prioritere vidare oppfølgjing og forsking på dette, seier statssekretær Terje Halleland.