Ny ordning for gardssal av alkoholhaldig drikk – opning av fyrste utsalsstad
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 01.07.2016
I dag trer endringar i alkoholloven i kraft som gjer det mogleg for produsentar å selje einskilde eigenproduserte produkt over 4,7 prosent. Fyste produsent ut er Egge Gård i Lier, og landbruks- og matminister Jon Georg Dale var til stades for å markere denne hendinga.
– Endringa i alkohollova som no trer i kraft, gjer at bonden kan utnytte ressursane på garden på ein langt betre måte, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Bonden får fleire bein å stå på og det gjer grunnlag for å skape nye arbeidsplassar i distrikts-Noreg. Det lokale reiselivet vil dra fordelar av endringa og det det vil ha ein positiv verknad på omsetninga av lokal mat og drikke.
Ordninga gjeld berre produkt som ikkje er omfatta av EØS-avtalen, til dømes eplesider og pæresider. Det blir mogleg for små produsentar, til dømes bønder, å selje desse produkta som ei attåtnæring. Produkt som brennevin, øl og vin som er laga av druer vert ikkje omfatta av ordninga. Desse produkta kan fortsatt berre seljast frå Vinmonopolet.
Den som ynskjer å selje sine produkt etter den nye ordninga, må søke kommunen om løyve.